Hopp til innhold

Slik blei toppturen til Skåla filma

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Torsdag kunne TV-sjåarar i heile Norge oppleve flotte bilete frå ein topptur til fjellet Skåla i Stryn. Men korleis blei dette filma? Svaret får du her.

Filmteamet frå NRK Sogn og Fjordane blei med fjellguide Thomas Heisig i Norwegian Mountains. Han ville vise planane sine for ein norsk variant av dei kjente alpeturane som går frå by til by over høgfjellet.

Fjellet Skåla (1848 m.o.h) ligg i Loen og det er ein strabasiøs tur til toppen, både sommar og vinter. Her blir det mellom anna arrangert motbakkeløpet Skåla Opp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torje Bjellaas

LETT UTSTYR: På ein slik tur er det viktig å ikkje dra på for mykje utstyr, fortel Torje Bjellaas.

Foto: Thomas Heisig

Viktig med lett utstyr

Fotograf Torje Bjellaas og reporter Terje Gilleshammer ville filme turen til Skåla med godt kamerautstyr, men noko som ikkje var altfor tungt.

– Vi brukte eit HD-kamera som ikkje er av det største slaget. Eg har tidlegare vore på Skåla for å lage program om motbakkeløparen Jon Tvedt, men då med svært tungt kamerautstyr.

– Det er ikkje å anbefale på veg opp mot Skålatårnet som er 1848 meter over havet, fortel Torje Bjellaas.

Bjellaas har vore på mange fotojobbar i fjellet og har mellom anna filma serien Fjellfolk som gjekk på NRK1 i vinter. Han har også erfaring frå store internasjonale meisterskap innan alpint, der han har vore ein av fotografane som har sikra TV-sjåarane bilete.

Men denne veka var det altså Skåla som stod for tur. Sidan opptaket til det som skulle bli ei sak på Dagsrevyen skulle gjerast medan det var skiføre, måtte teamet ha med seg mykje skiutstyr også.

– Denne gongen hadde vi relativt lette sekker, med det naudsynte av toppturutstyr som spade, søkestong og skredsøkjar/mottakar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Topptur til Skåla

NESTEN FRAMME: Fotograf Torge Bjellas og reporter Terje Gilleshammer i fint driv mot Skålatårnet.

Foto: Thomas Heisig

Kule bilete med kameraskinne

Dei hadde også med seg ei kameraskinne som kan gjere til at det blir rørsle i bileta - ei slags skinne som får kameraet til å gli sidelengs. Bjellaas er klar på det kjekkaste med denne jobben er.

– Det aller beste med å filme skiløping frå Skålatårnet, er at våre ski får kamera til å gli fint attmed skiløparen som er på veg nedover dei fantastiske bakkane.

Turen nedover Skåla gjekk i Thomas Heisig sine favorittområde, litt bortanfor det som er den vanlegaste ruta ned fjellet.

– Vi følgde ein svær flanke som enda opp like under Lisje-Skåla. Herifrå gjekk turen ned mot vatnet – den vanlege vegen som dei fleste går oppover når dei skal til topps, seier fotografen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Torje Bjellaas

HD-KAMERA: Fotografen tok med seg eit kamera som ikkje veg altfor mykje.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Flott kjensle

Han fortel at det er ei utruleg kjensle å setje utfor ei så flott fjellside som Skåla kan vere i april og mai.

– Målet for oss som skal filme dette, må vere å gjenskape den herlege kjensla på ein stor eller liten skjerm. Difor har vi nytta vidvinkla linser for å fange opp mest mogleg av dei inntrykka som ein skiløpar normalt vil fange opp i sidesynet.

Her kan du sjå TV-saka som blei sendt i Dagsrevyen på NRK1:

Video Planer om høgfjellsruter

SJÅ TV-SAKA: For mange turistar er det ikkje lenger nok å sjå – folk vil oppleva vakker natur på kroppen. På Vestlandet blir det no jobba med å utvikla spektakulære vandreruter høgt til fjells – etter modell frå Alpane.