Hopp til innhold

Slik blei EM-helten hylla i heimbygda

DALE (NRK): Heimbygda Dale og Fjaler kommune er stolt over si nye handballstjerne. Torsdag fekk Kjerstin Boge Solås ein vel fortent hyllest på heimstaden.

EM-vinnar kjerstin Boge Solås kom i dag heim til Dale og møtte unge handballspelarar.

GOD MOTTAKING: Kjerstin Boge Solås møtte i dag unge fans på heimebane i Dale.

Handball-EM i Sverige blei ein stor suksess for dei norske handballjentene. Laget stod til slutt igjen som meistrar og feira sigeren i nabolandet.

For Kjerstin Boge Solås har derimot ikkje feiringa stoppa opp heilt enda. Torsdag var ho tilbake i heimbygda Dale, og der vart ho hylla av lokalbefolkninga med kake, trampeklapp og spesiallaga song for anledninga.

– Det var ekstremt fint. Den var ein fin innkomst og eg blei skikkeleg rørt, fortel hovudpersonen.

Kjerstin Boge Solås kake

KAKE: Boge Solås fekk også ei kake på den store festdagen.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide/NRK

Skal spele ny finale

Boge Solås var den yngste spelaren som fekk tillit av landslagstrenar Thorir Hergeirsson, og går ei lysande karriere i møte. 18-åringen har mykje kjekt å sjå tilbake på frå dei førre vekene.

– Høgdepunktet var semifinalen eller finalen. Det er utruleg å spele framfor 10000 nordmenn med kubjøller som heiar, skildrar ho.

Feiringa av EM-gullet kan derimot ikkje halde fram for lenge for Tertnes-spelaren. For allereie førstkomande torsdag skal ho spele NM-finale.

– No skal eg feire jul, også skal eg tilbake til Bergen og trene. Vi har ein viktig finale som vi skal bite frå oss i, seier Boge Solås.

EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

VANN GULL: Kjerstin Boge Solås med det synlege beviset på at Norge tok EM-gull i Sverige.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Rart å vere forbilde

Ho er kanskje berre 18 år sjølv, men for barna i Fjaler kommune og andre stader i fylket er ho ei leiestjerne og eit forbilde på handballbana.

Talentet spelte handball innan for fylket sine grenser fram til 2015, då ho blei henta av toppserieklubben Tertnes.

– Det er litt rart å vere eit forbilde, og det er ikkje noko eg tenkjer så mykje på, seier 18-åringen.