Hopp til innhold

Her beviser Lukas (6) at han kan - slik byrjar også musikkvideoen

- Torer han å hoppe? Det vart spørsmålet då første scena til musikkvideoen til NRK sin nye barne-tv-serie skulle spelast inn. Men som serien jo heiter – «Klart eg kan!»

Lukas Endal Andersson - innspeling av musikkvideo til "Klart eg kan"

KLART EG KAN: Slik tittelen på barne-tv-serien heiter hoppa Lukas Endal Andersson i sjøen, sjølv kor kaldt og surt det var.

Foto: NRK

Og slik vart det. I kaldt og overskya vêr vart seksåringen Lukas Endal Andersson ståande nokre minutt å trippe utpå stupebrettet. Men etter ei stund hoppa han sjølvsagt i det.

- Dette er ein flott start på musikkvideoen. Det er eit symbol på bodskapen, nemleg ”Klart eg kan”, seier regiansvarleg for barnetv-satsinga, Eva Westvik i NRK.

Fekk lage musikkvideo til barne-tv

Emilie Lee Haukeland og Lotte van Oorschot

DEI ER MED: Emilie Lee Haukeland og Lotte van Oorschot fekk vere med i musikkvideoen.

Foto: NRK

Som ein arvtakar til barne-tv-serien «Her er eg», lagar NRK Sogn og Fjordane no ein ny serie – «Klart eg kan».

- Den handlar om ungar som skal meistre ting.Vi følgjer ungane gjennom spanande prosessar der dei skal tore å gjere noko dei aldri har gjort før eller er spente på om dei får til, fortel Westvik.

Til den nye serien har det også blitt laga ein eigen song. Den er komponert av Torbjørn Ellingsen og framført av vokalist Odd Erik Lothe. Og då ideen kom på bordet om å lage ein eigen musikkvideo var ikkje verken ungane eller Westvik tunge å be.

- Det har vore tre intense dagar med opptak. Ungane måtte konsentrere seg lenge og samarbeide med oss i NRK-teamet, seier Westvik.

Fire av ungane vi møter i serien «Klart eg kan» får vi møte i musikkvideoen.

Dei fire er Emilie Lee Haukeland frå Gaular, Lotte van Oorschot frå Davik,Lukas Endal Andersson frå Nordfjordeid og Per Moldskred frå Ulsteinvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå innspelinga av musikkvideoen til "Klart eg kan"

VOKALISTEN: Her er dei fire borna saman med vokalist Odd Erik Lothe. Framme i kvit er fotograf Arve Stubhaug, til høgre fotograf Torbjørn Fardal.

Foto: NRK

- Ungane er både flinke og modige

- Musikkvideoen spelte vi inn i eit pæretre i Måløy og på Sætrastranden i Vågsøy og ungane var kjempeflinke, seier Westvik.

Og at ungane verkeleg er tøffe og modige får vi sjå allereie i musikkvideoen. For då første skulle på tape var det ikkje heilt sikkert at alt ville gå som planlagt.

- Vi var veldig spente på vêret. Spesielt fordi Lukas skulle hoppe i sjøen den eine dagen. Sjølvsagt var det både grått og kaldt, men han hoppa i det til slutt, seier Westvik.

Musikkvidoen vert å sjå på NRK Super samtidig som den nye serie «Klart eg kan» skal gå, truleg ut på nyåret i 2012.

Lukas Endal Andersson og Per Moldskred

PÆRETRE: I dette pæretreet i Måløy vart delar av musikkvideoen spelt inn. Her er Lukas Endal Andersson og Per Moldskred.

Foto: NRK