Hopp til innhold

Henrik (23) sletta rekord som har stått frå den dagen han vart fødd

Henrik Johan Holmberg (23) frå Vik sette denne veka ny Sogn og Fjordane-rekord i mangekamp under studentmeisterskapen for Midtvesten i Aberdeen. Dermed sletta han rekorden som har stått sidan den dagen han sjølv vart fødd.

Henrik Holmberg

I STORFORM: Henrik Johan Holmberg frå Vik gjer det godt i USA.

Foto: privat

– Henrik sletta ein krinsrekord i tikamp som er heilt ifrå 23. september i 1989 og tilhøyrde Arne Indrebø. Han ikkje berre sletta han, men han slo han solid, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins Narve Heggheim.

Og utruleg nok var Indrebø sin rekord sett på akkurat same dagen som Henrik Holmberg såg dagens lys.

– Ja, Henrik var fødd på den datoen, så det var litt spesielt, det må vi seie, seier Heggheim.

Han legg til at dei har følgt nøye med Holmberg etter at han drog til USA, og at framgangen hans har vore enorm.

Tok sølv under meisterskap i USA

Holmberg leiar etter første dag av stemnet med resultata 11,14 på 100 meter, 7,09 m i lengde, 11,85 m i kule og 1,99 m i høgde. På første øvinga andre dagen sette han ny personleg rekord på 110 m hekk med 15,43. Serien 39,53 på diskos, 3,55 i stav og 47,30 i spyd og 5.06,28 på 1500 meter var ikkje heilt der oppe som han skulle ønskje.

Likevel var vikjen godt nøgd med sølv på pallen, og han er med dette kvalifisert for den amerikanske studentmeisterskapen Nationals utandørs i Colorado seinare i vår.

Han har tidlegare sagt til NRK at målet for sesongen er å passere 7.000 poeng, noko han er på god veg til å gjere.

Slo rekorden med 440 poeng

Arne Indrebø var ein allsidig idrettsutøvar frå Breim i Gloppen kommune. Han er fire gonger norsk meister, og representerte Breim IL, Breimsbygda FIL, Breimsbygda IL og Gloppen Friidrettslag i si karriere.

Han spesialiserte seg etter kvart i spydkast, og resultata hans gjer Indrebø til den niande beste spydkastar i Norge gjennom tidene (per januar 2008).

Indrebø sin 24 år gamle rekord var på 6.383 poeng, men vikjen sin nye rekord er heile 440 poeng meir.

– Det er ei svært god rekordforbetring. Henrik held svært høgt nivå i mange øvingar, sjølv om det er mangekjempar vi snakkar om. Han er mellom anna nede på 49-talet på 400 meter, og har hoppa 7,30 i lengde. Det i seg sjølv er inne blant dei heilt beste resultata i Sogn og Fjordane gjennom alle tider, sjølv om ein ikkje tenkjer mangekamp, seier Heggheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Henrik Holmberg

HØGE MÅL: Henrik Holmberg har som målsetjing å passere 7.000 poeng i mangekamp denne sesongen, samt kvalifisere seg til senior-NM i august i Norge.

Foto: privat

Trur på VM-kvalifisering

Heggheim trur Holmberg har gode sjansar til å kvalifisere seg til senior-VM i Moskva i sommar, dersom han held fram med den gode trenden.

– Tek han slike jafs som han gjorde no, så er B-kravet til VM 8.000 poeng. A-kravet er 8.200 poeng, seier Heggheim.

Han legg til at stav og kast er øvingar som Holmberg ikkje har drive mykje med tidlegare.

– Det er der han har størst forbetringspotensial, og der kan han plukke mykje poeng dersom han får same framgangen der som han har hatt i dei andre øvingane, seier Heggheim.

Likevel presiserer Heggheim at Holmberg er ung, og tida fram mot VM er knapp.

– Konkurransesesongen hans er nyleg i gang, og ein ser ofte at ein må ha nokre konkurransar før ein får ut makspotensialet. I tillegg kjem det an på formtopp og formspissing. Men eg vil tru det er ein motivasjon for han å prøve å kunne klare B-kravet, seier Heggheim.

Trur USA har vore viktig for satsinga

At vikjen kjem til å delta i ein olympiade, ser ikkje leiaren i friidrettskrinsen som usannsynleg.

– Mangekamp er ei krevjande øving. Du skal vere god i alt frå sprint til 1500 meter, du skal ha fleire hopp- og kastøvingar, så det er ikkje berre å knipse og vere oppe på eit høgt nivå. Men med den målbevisste treninga som Henrik no legg ned, så trur eg alt er mogleg, seier Heggheim.

Narve Heggheim

STOR FRAMGANG: Dagleg leiar i Sogn og Fjordane friidrettskrins Narve Heggheim understrekar at framgangen til Holmberg har vore enorm sidan han flytta til USA.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

– Kor viktig er det for satsinga hans at han har flytta til USA?

– Vi har mangekjemparar som har trent i Norge og har prestert betre enn det Henrik gjer no, men det er eit klima og ikkje minst gode trenarar og godt treningsmiljø på studieplassen som nok gjer at han har fått ein effekt av det, seier Heggheim.

Han trur det å flytte til USA har vore bra for den sportslege utviklinga til Holmberg.

Heggheim ser fram til at Holmberg kjem heim til sommaren for å trene og konkurrere innanlands.

– Då får vi sjå kva han har fått med seg frå USA. Samtidig kan han vere med å inspirere andre i same renna, seier Heggheim.

Kjem til å hamne i historiebøkene

Han trur det er viktig å ha ein utøvar frå fylket i mangekamp.

– Det er lenge sidan vi har hatt ein utøvar som har satsa på denne øvinga i Sogn og Fjordane. Det er ei svært krevjande øving, difor vel mange å spesialisere seg på einskildøvingar. Det er kjekt å ha utøvarar som satsar så breitt som han, seier Heggheim.

– I mangekamp må ein byggje stein for stein. Eg trur at dersom han skal opp på maksnivået sitt i øvingane, så må han nok bruke nokre år på det. Men han har hatt ein flying start på dei to åra han har satsa på mangekamp, seier Heggheim.

Han er forsiktig med å rangere dei forskjellige utøvarane frå fylket, men er klar på at Holmberg har teke steget opp til eit nivå der han har markert seg tydeleg.

– Han er blant dei namna som nok blir med i historiebøkene når historia om friidretten i Sogn og Fjordane skal skrivast framover. Men eg trur ikkje vi har sett toppen av det Henrik kan prestere. Eg trur nok han kjem til å flytte denne rekorden allereie i sommar, seier Heggheim.