Hopp til innhold

Kristi (15) sletta 10 år gammal hekk-rekord

15-åringen Kristi Strømmen Kjerpeset frå Florø sette i dag ny norsk rekord under UM på Lillehammer.

Kristi Strømmen Kjerpeset på veg mot siger og ny norsk bestenotering.

GIR ALT: Kristi Strømmen Kjerpeset leverer solide løp på friidrettsbana. I dag sette ho norsk rekord i aldersbestemt klasse. Arkivfoto

Foto: Tone Strømmen Kjerpeset

Florøjenta sprang 80 meter hekk på 11,30 i J15 under ungdomsmeisterskapen i fridrett. Dette heldt til å setje ny aldersrekord.

Ho sletta dermed rekorden frå Christina Lia frå 2003 som sprang på 11,36. Kjerpeset er strålande glad etter prestasjonen i dag.

– Eg hadde ein bra sprintdag og gjorde ting rett. Det var gode forhold og alt stemte teknisk, seier ho.

Er litt overraska

Tidlegare i år har ho berre sprunge 100 meter hekk og tykkjer det var bra det klaffa så godt då ho gav alt på 80 meter.

– Det var veldig gøy å få det til, men eg er eigentleg litt overraska. Eg er eigentleg ikkje heilt i form i dag. Det er mange sjuke og eg kjenner eg også bryggjer på noko.

15-åringen har slite med kyssesjuke denne sesongen og har trent mykje mindre enn ho pleier. Difor hadde ho ikkje trudd det skulle klaffe så godt

– Eg reiste eigentleg berre hit for å ta medalje. Men det var kjekt å setje ny rekord i år også, for eg har sett nye aldersrekordar sidan eg var 13 år.

Satsar for fullt framover

Ho har siste øving i kveld då ho skal hoppe lengde. Meisterskapen i helga er avslutning på utandørssesongen og ho gler seg til konkurransane innandørs som startar i januar.

– Eg skal bruke tida framover til å trene mykje og byggje meg opp mot innandørssesongen, seier ho.

Fleire fekk medalje

Det var ikkje berre Kristi Strømmen Kjerpeset som gjorde det bra laurdag. Under den andre dagen av ungdomsmeisterskapen blei det også fem andre medaljar til ungdommar frå Sogn og Fjordane.

Thomas Mardal frå Gloppen sikra seg to nye gull. I kule sette han krinsaldersrekord med 15,55 i G16. I slegge kasta han 50,38 meter.

Vetle Sørstrand frå Florø tok 2. plassen på 100 meter hekk i G15 med tida 14,59. Det blei også sølv til Erlend Ulvestad frå idrettslaget Brodd i diskos med 44,57. Han stilte i G17. Ingrid Hjelle Roset frå Sandane T & IL sikra seg bronse på 800 meter med tida 2,18,59 i J15.