Hopp til innhold

Lokale Sp-politikarar sler ring rundt Liv Signe Navarsete

Mangeårig fylkesordførar og Sp-nestor, Nils R. Sandal, støttar senterpartileiar Liv Signe Navarsete fullt ut.

Liv Signe Navarsete sine partifelle i heimfylket slår ring om den omstridde Senterparti-leiaren.
I går beklaga Navarsete nok ei utskjelling, men i Sogn og Fjordane seier dei at det må vere rom for kjensler i politikken.
Liv Signe Navarsete sine partifeller i heimfylket slår ring om den omstridde Sp-leiaren.
I går kveld beklaga Navarsete at ho skjelte ut leiaren for Senterungdomen på eit folkemøte i Troms. 
Bråket rundt partileiaren pregar no også organisasjonen i Sogn og Fjordane.

Partifeller slår ring rundt Navarsete

Det har dei siste dagane storma kring partileiaren, etter at ho skal ha skjelt ut leiaren for senterungdommen. Tidlegare framståande Sp-personar har også gjeve uttrykk for eit fryktvelde i partiet.

Tidlegare partitopp Simen Bjørgen har retta hard kritikk mot Navarsete, og seier han mista lysta til å jobbe for partiet grunna leiarstilen hennar.

– Liv Signe Navarsete har skjelt meg ut fleire gonger i sentralstyret i samband med utspel eg har hatt. Det skaper ikkje akkurat engasjement for å bidra i partiet, seier Bjørgen.

Ber om orsaking

Liv Signe Navarsete

ORSAKAR: Liv Signe Navarsete orsakar det ho sa til ungdomsleiaren i partiet.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det heile starta med at Liv Signe Navarsete skal ha skjelt ut leiaren for Senterungdomen, Sandra Borch, under eit folkemøte i Troms.

Søndag kveld kommenterte leiaren i Senterpartiet for første gong konflikten. Navarsete vil no gjere det ho kan for få slutt på støyen i partiet og vil gi Borch ei orsaking utan atterhald. Tysdag skal også saka opp i sentralstyret i Senterpartiet.

Meiner det er viktig med kjensler

Nils R. Sandal seier dette bråket ikkje er heldig for partiet, men dei skal vere glade for at dei har ein leiar som kan vise engasjement. Sandal trur det vil bli eit tap for politikken dersom det ikkje skal vere rom for slike kjensleutbrudd som Navarsete hadde.

– Det er viktig å brenne for saker og ha kjensler. Eg kjenner Liv Signe så godt at eg veit kor engasjert ho er i saker ho brenn for, seier ho.

– Men er partiet tent med ein leiar som skjeller ut ungdomsleiaren?

– Kva som skjedde då skal eg vere altfor klar på, men eg forstår det slik at dei har ein dialog og at dei ryddar opp. Det er også ein styrke hos ein politikar at ho kan beklage det som skjedde.

– Kan «boble over»

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

ENGASJERT: Jenny Følling seier Navarsete har eit stort engasjement for det ho driv på med.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jenny Følling som er fylkesvaraordførar for Senterpartiet, seier det er viktig at Navarsete og Borch må klare opp i det som har skjedd.

– Vi skal ikkje gjere denne saka større enn ho er. Dette må dei leggje bak seg og drive politikk for Senterpartiet.

Følling seier Navarsete har eit stort engasjement og at det kan «boble litt over» av og til.

– Men det må vi kanskje tåle, for vi er alle menneske vi som er i politikken. Liv Signe er ei dame som er veldig engasjert og som arbeidar for det ho står for. Vi har hatt mange friske diskusjonar, men har klart å lande på eit standpunkt, seier Følling.

Full tillit frå Sande

Erling Sande (Sp)

FULL TILLIT: Erling Sande meiner det må vere rom for å vise kjensler.

Foto: Stian Lysberg / Scanpix

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har full tillit til senterpartileiar Liv Signe Navarsete. Han meiner det må vere rom for å syne kjensler i politikken, og seier at i Senterpartiet i fylket er det unison støtte til Navarsete.

– Eg har ikkje høyrt at andre i partiet tenkjer annleis om det. Vi kjenner Liv Signe som ein varm person og vi likar ho. Vi likar også at ho står på, er engasjert og har kjensler.

– Uheldig med slik støy

Alexander Øren Heen

UHELDIG: Alexander Øren Heen tykkjer det uheldig med slik støy og håper dei to ordnar opp.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein av dei yngste politikarane på Fylkestinget, Aleksander Øren Heen (Sp), seier det er uheldig for partiet at det blir slik støy.

– Eg håper dei får rydda opp i dette og lagt ballen død, seier han.

– Kva tenkjer du som ung politikar at eit partimedlem meiner ho blei skjelt ut av partileiaren?

– Det er sjølvsagt beklageleg dersom nokon oppfattar det slik. Eg opplever Liv Signe som ein god og tydeleg partileiar som har bestemte meiningar.

Ingen av dei lokale Sp-arane NRK.no har vore i kontakt med, gir uttrykk for misnøye med leiarstilen til Navarsete.