Sleppte ut tjære og svovel femten timar i strekk

ÅRDAL (NRK): Hydro i Årdal har slite med reinseanlegget sitt i heile sommar. Dei har lova forbetring, men denne veka velta det ut forureinande gassar endå ein gong. Innbyggjarane i industrikommunen fortvilar.

Ureinsa utsleppa på Årdalstangen

PROBLEM: Hydro har hatt problem med reinseanlegget sitt, og resultatet har vore at røyk har fått sive fritt ut ureinsa.

Foto: NRK-tipsar

– Det er heilt forjævlig når gassen kjem opp til huset. Det luktar veldig og det er tungt å puste. Det er berre å gløyme å vere ute, seier Egil Jørgen Lund.

Han bur i bustadfeltet som ligg slik til at røyken kan kome rett opp i hagen og inn vindauga i huset. Andre folk i det same nabolaget har skildra at røyken svir i auga og gjer det umogleg å vere utandørs.

– Det kan ikkje vere bra å få i seg den røyken, seier Lund. Han og mange av sambygdingane hans fryktar dei ureinsa utsleppa kan få negative helsekonsekvensar.

Røyken det er tale om inneheld svovel, ulike tjærestoff/PAH og litt fluor. Dette er ting som vekkjer kjensler i ei bygd der forureininga frå aluminiumsverket opp gjennom tidene har ført til store negative konsekvensar for dyr, natur og menneske.

Den dag i dag er det frårådd å ete kamskjel frå Årdalsfjorden, på grunn av høge nivå av dei kreftframkallande PAH-stoffa i vatnet.

– Då er det ikkje noko kjekt at det siv gul PAH-røyk inn i stovene våre, seier Lund.

Egil Jørgen Lund i hagen sin i Årdalstangen

EKKELT: Egil Jørgen Lund på Årdalstangen tykkjer det er svært ekkelt at røyken frå Hydro sitt anlegg siv inn i hagane og hua til folk.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er heilt ufarleg

Hydro legg seg heilt flate når NRK konfronterer dei med dei kraftige utsleppa som har plaga bygda i sommar. Dei tykkjer sjølv det er fortvilande at dei har så mykje problem med reinseanlegget sitt.

Hydro sine eigne loggbøker syner at reinseanlegget har vore nede for drift seks gonger dei siste tre månadane. På det meste har røyken gått ureinsa ut i femten timar i strekk.

Det er fleire ulike grunnar til problema. Nokre gonger har det vore straumbrot på anlegget, andre gonger har det vore mekaniske feil. Når reinseanlegget er ute, har dei ikkje noko anna val enn å berre sleppe all røyken ut heilt ureinsa.

– Det er berre å beklage, det er ikkje slik vi ønskjer at det skal vere. Vi vil likevel understreke at dei utsleppa som har vore er heilt ufarlege. Det er tale om så små konsentrasjonar at det ikkje skal ha noko helseeffekt, seier fabrikksjef på Hydro i Årdal Wenche Eldegard. Ho kan og fortelje at dei no brukar svært mykje ressursar på å prøve å løyse problema.

Wenche Eldegard utanfor portane til Hydro på Årdalstangen

IKKJE FARLEG: Wenche Eldegard ved Hydro i Årdal meiner at utsleppa frå verket ikkje er farlege, sjølv om dei er veldig ubehagelege.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Har ikkje gått over grenseverdiane

Miljødirektoratet følgjer utsleppa til Hydro i Årdal tett. Om nokre veker skal dei ha tilsyn med bedrifta i samband med at utsleppsløyva skal reviderast. Seniorrådgjevar Øyvind Hetland har etter at NRK tok kontakt gått igjennom dei ureinsa utsleppa som har vore i sommar.

– Det ser nok ut til at desse utsleppa framleis er innanfor dei løyva som Hydro har til utslepp i løpet av ein månad, seier Hetland.

Han understrekar likevel på prinsipielt grunnlag at utsleppa likevel kan vere ulovlege dersom det på enkeltdagar har fått store negative konsekvensar.

– Men det kan eg ikkje vurdere før vi har sett endå nærare på tala.

Hetland og Miljødirektoratet er også samde med Hydro i at utsleppa truleg ikkje er helsefarlege, fordi det er tale om eit avgrensa tidsrom. Dei er likevel kritiske til at så mykje røyk fekk strøyme ut i bustadfelt og skape ubehag.

Årdalstangen

LANG HISTORIE: Aluminiumsproduksjonen på Årdalstangen og i Øvre Årdal har ei lang historie. Til tider har utsleppa frå Hydro ført til store negative konsekvensar for natur og dyreliv.

Foto: Atle Romøren

Egil Jørgen Lund klarer likevel ikkje å slå seg til ro med at røyken ikkje er farleg. Han har jobba meir enn tjue år som ingeniør på nettopp Hydro sitt anlegg på Årdalstangen, og kjenner seg framleis uroa når han ser den gule røyken frå stoveglaset sitt.

– Vi som veit litt om kva det er som kjem ut av dei skorsteinane, forstår at det ikkje er ufarleg å puste inn den røyken. No kjem det bortforklaringar frå Hydro, men eg tykkjer det er veldig gale at dei ikkje har kontroll på reinseanlegget sitt over så lang tid.