Hopp til innhold

Lakseelvane går fri ekstraordinære tiltak

Urovekkjande låg fangst under laksefisket har ført til ekstraordinære tiltak i ei lang rekkje elvar. Men ikkje i Sogn og Fjordane.

Laksefiskar i Dalaelvi i Sogndal

ILLUSTRASJONSFOTO: Biletet er frå laksefisket i Dalaelvi i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Miljødirektoratet fryktar for lite gytefisk i fleire vassdrag til hausten og innfører ekstraordinær regulering av fisket etter laks i sjø og vassdrag på Nordmøre, Trondheimsfjorden, Nord-Troms og Vest-Finnmark.

Vassdraga i Sogn og Fjordane får derimot halde fram som normalt.

– Det kan tyde på at laksen i Sogn og Fjordane har kome betre ut av det enn laksen i desse regionane, seier generalsekretær i Norske Lakseelver, Torfinn Evensen.

– Tenkjer framtida

Fangsten under laksefisket ligg på landsbasis under halvparten av det som er normalt på denne tida av året. Det får varsellampene til å blinke hos Miljødirektoratet.

I dei råka regionane blir no fiske etter laks i sjøen med kilenot stengt frå fredag 26. juli. Frå dagen etter skal all holaks som blir fanga setjast ut att. Vassdrag kan alternativt stengje fisket tidlegare.

– Det viktige når ein tenkjer på villaks, er at det må vere nok gytefisk att i elva om hausten til å sikre lakseungar for framtida, seier Evensen.

Må sikre holaks

Fungerande seksjonsleiar Heidi Hansen ved fiskeseksjonen i Miljødirektoratet, seier tal mellom- og storlaks som har kome inn til kysten har gått markant tilbake.

På grunn av det låge innsiget, er det difor viktig å sikre at flest mogeleg av holaksen overlever til gytinga i haust.

– Det vi har sett dei seinare åra, er at mengda laks generelt er redusert med over 50 prosent siste 25 åra. Det betyr i praksis at vi må forvalte villaksen mykje meir skånsamt, seier han.

Flinke til å ta omsyn

– Det som er viktig her, er at mange elvar i Sogn og Fjordane har iverksett gode tiltak for å hauste overskot. Har ein god regulering av uttak av fisk frå år til år, så har ein større sjanse til å hente inn justeringar og variasjonar frå år til år, seier Evensen.

Medan generalsekretæren også meiner å sjå at politikarane har byrja å ta problematikken på alvor, tykkjer han både grunneigarane og fiskarane i fjordfylket er flinke til å ta omsyn til kva laks som hamnar på matfatet.

– Gledelege er at vi ser at laksefiskaren tek betydeleg ansvar, det same gjeld grunneigaren. Det som skjer i elvefasen er vi veldig positive til. Dei har forståing for at vi må forvalte villaksen klokt, seier han.