Hopp til innhold

Slepp tvangsinndriving - men har framleis ikkje fått bot på nynorsk

Statens innkrevjingssentral har droppa alle gebyr og tvangsinndriving mot Jens Brekke. Men framleis har ikkje vikjen fått førelegget sitt på nynorsk.

Jens Brekke har samla ein solid papirbunke

VIL: – Eg er klar til å gjere opp for meg. Men ikkje før eg får førelegget på nynorsk, seier Jens Brekke.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/Odd Inge Gjeraker / NRK

– Statens innkrevjingssentral har skjønt poenget. Eg har fått brev, på nynorsk til og med, der dei skriv at dei har sletta alle gebyra, men at eg må betale førelegget, seier Brekke.

Det var i mai i fjor at Brekke skulle kvitte seg med litt rusk og rask dagen før sonen sin konfirmasjon.

For å få dette gjort lett og kjapt, valde han difor å tenne opp eit bål, ikkje så langt frå bustadhuset i Djuvik i Vik kommune.

Ei vindrose fekk vinden til å spreie seg over store område, og det var med naud og neppe at ikkje elden til slutt nådde bustadhuset. Eit større område på vel tusen kvadratmeter av kratt og gras vart derimot svidd av.

Meiner han ikkje har krav på nynorsk

Då Brekke ikkje hadde søkt om løyve til å tenne opp eld, fekk han eit forenkla førelegg på 7.000 kroner for å ha brote eksplosjonsvernlova.

Brekke har innrømt sine synder, og vil meir enn gjerne gjere opp for dei. Men berre så snart han får bota på nynorsk.

Til no har ikkje Sogn og Fjordane politidistrikt oppfylt dette, då dei meiner han ikkje har krav på å få bota på nynorsk.

Brekke held derimot framleis fram at ifølgje mållova har han rett på dette.

Etter som breva har foke fram og tilbake mellom dei ymse etatane, har Statens innkrevjingssentral lagt på purregebyr på bota.

Trudde lensmannen skulle komme på døra

I november fekk Brekke beskjed om at det var varsla tvangsinndriving av bota i byrjinga av desember, og venta å få lensmannen på døra.

Han sende då nok eit brev til innkrevjingssentralen, og forklarte stoda i saka.

– Eg forklarte korleis saka stod. Og at eg rekna med, ut frå alt som hadde skjedd, at dei forstod kva som var problemet. Og at det ekstragebyret har komme på fordi politiet ikkje har svart. Det har dei framleis ikkje gjort, seier Brekke.

No har altså Statens innkrevjingssentral fråfalle alle gebyr og tvangsinndriving. Det endåtil på nynorsk.

Men stridens kjerne er framleis den same.

– Eg skal gjere opp for meg, det har eg sagt heile tida. Men bota skal vere på nynorsk, seier Brekke.

Meiner politiet skal følgje norsk lov

Politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Sissel Kleiven, har tidlegare sagt at ho skal omsetje bota til Brekke så snart ho får tid.

Men trass i at månadane har gått, og kalenderen no syner eit nytt år, har ikkje Brekke fått førelegget sitt på nynorsk.

– Når eg får tid skal Brekke få det han har krav på på nynorsk, seier Kleiven til NRK.

Brekke har derimot ikkje tenkt å gje seg på at bota skal komme på nynorsk.

– Klart politiet skal følgje norske lover som alle andre. Eg har brote ei lov, og det skal eg gjere opp for meg for. Politiet har brote både mållova, og ved å ikkje svare meg har dei også brote forvaltningslova, held Brekke fast.