NRK Meny
Normal

Finn las epost medan han venta på vegopning

Riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen er opna for fri ferdsle.

Finn Engedal

VENTA: Finn Engedal brukte tida best mogleg medan han venta på å få sleppe gjennom Sogndalsdalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vegen har meir eller mindre vore stengd sidan 10-tida tysdag grunna store trafikale problem på glatta.

Fleire køyretøy har stått bom fast på vegen mellom Sogndal og Fjærland. Problema forplanta seg til Sogndal der nordgåande trafikk vart stogga. Parkeringsplassen mellom Kvåle stadion og Fosshaugane Campus var tettpakka av trailerar og bilar.

– Politiet stengde vegen lenger oppe og det vart full stogg nedover. Eg skjønar at det står mykje bilar nedover, seier vaktoperatør Jan Erikstad hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Tettpakka med bilar ved Fosshaugane Campus

TETTPAKKA: Ingen av vogntoga køyrde frå parkeringsplassen i Sogndal utan kjettingar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Tolmodige bilistar

Entreprenørar har jobba på spreng for å halde vegbana køyrbar, men stadig snøfall har gjort arbeidet problematisk. Samstundes har bilbergarar hatt nok å henge fingrane i med å hjelpe fleire større køyretøy opp bakkane mot Frudalstunnelen.

Medan austgåande trafikk har fått gå nokre timar, har fleire bilistar måtte smørje seg med tolmod i Sogndal.

Geir Hansen

FRUSTRERANDE: Når ein må halde seg til køyre- og kviletidsreglar er det frustrerande å ikkje komme seg fram, vedgår Geir Hansen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi fekk beskjed om å parkere her. No har vi stått her i straks tre timar. Det er kjedeleg, men slikt ein må finne seg i når ein køyrer på vinterstid her i landet, seier yrkessjåfør Geir Hansen.

– Litt frustrerande

Hansen vedgår han ikkje hadde venta full stogg på veg gjennom Sogndalsdalen mot Florø i dag.

Mesta stoggar bilane

NEKTA: Mesta og politi stogga trafikken på begge sider av Sogndalsdalen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er litt frustrerande. Timane går jo, og ein har berre eit visst tal timar for dagen ein kan køyre, seier han.

Finn Engedal var tidleg ute for å nå eit møte på andre sida av dalen, men måtte i staden lese 50 epostar og kontakte leverandørar og kundar i inn- og utland.

– Eg har gjort ein god jobb med det systemet som finnast i dag. Ein kan få gjort det meste, så det er ikkje noko problem å bli ståande ein time eller to, seier han.

Har vore tolmodige

Full stogg i trafikken gjennom Sogndalsdalen

BOM STOGG: Det har i føremiddag vore full stogg i trafikken gjennom Sogndalsdalen.

Foto: Gunnar Jan Myklebust

Vaktoperatør Erikstad hos Vegtrafikksentralen i Lærdal har inntrykk av at bilistane har vore tolmodige.

– Vi fekk tidlegare i dag mykje spørsmål frå bilistar som stod i kø, men det verka som om dei har innfunne seg med situasjonen og har sete på vent. No håpar vi å få strødd så godt at dei som står der skal få komme seg opp på skikkeleg vis utan meir stogg, seier Erikstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå