Hopp til innhold

Slepp fri mann frå varetekt

Den barnehagetilsette mannen som er sikta for å ha overgrepsbilete av born, blir sett fri frå varetekt.

Regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske, seier det ikkje har kome fram noko nytt i etterforskinga.

– Vedkommande blir sett fri i løpet av dagen, men siktinga blir oppretthalden, seier han.

Det var i slutten av juni at mannen i 30-åra blei pågripen i heimen sin. Politiet gjorde beslag i ulike lagringsmedium og han blei varetektsfengsla i fire veker.

– Vedkommande er avhøyrt, og han er villig til å forklare seg. Han har delvis vedgått straffskuld for oppbevaring av materialet, sa Dag Fiske til NRK etter at mannen var pågripen.

Politiet har tidlegare sagt at det ikkje er noko som tyder på at mannen har produsert bileta sjølv.