Hopp til innhold

Slepp fengsel etter politivald

Ein nordfjording i tenåra er dømd til 30 timar samfunnsstraff etter at han slo til ein politimann i ansiktet.

Norges lover

SLEPP FENGSEL: Den unge mannen slepp fengsel etter at han fika til ein politimann under ein ungdomsfest i vinter.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var under ein ungdomsfest i Breimshallen i Gloppen i februar at den unge mannen kom i klammeri med lovas lange arm.

Nær 500 ungdomar var samla i lokala, og politiet hadde fem polititenestemenn på staden for å prøve halde styr på ungdomane.

Tiltalte var ein av dei politiet hadde problem med å få kontroll på. På eit tidspunkt oppdaga politiet den unge mannen i slåstkamp med ein annan ung mann inne i lokalet.

Ville stikke av – fika til politimann i ansiktet

Dei to kamphanane vart skilte og tiltalte fortalde villig kven han var til politiet då dei spurte. Utover dette var han lite samarbeidsvillig og prøvde forlate staden. Då politimannen tok tak i han for å halde tiltalte tilbake, forsøkte den unge mannen å rive seg laus.

Den unge mannen forsøkte dytte vekk politimannen og trefte då politimannen i ansiktet med handflata.

Tiltalte vart deretter lagt i bakken og den unge mannen heldt fram med å strete imot. Då han etter kvart roa seg ned vart han vist ut frå lokalet og fekk beskjed om å halde seg vekke.

Nekta halde seg ute

Men vel 20 minutt seinare vart politiet gjort merksame på at den unge mannen vart tilbake i lokalet. Han vart igjen eskortert ut av politiet og var også då oppfarande og lite samarbeidsvillig.

Då han fekk på seg handjern og fekk beskjed om at politiet vurderte å køyre han til arresten i Førde, roa han seg. Denne gongen heldt han seg vekke slik politiet bad om.

Den unge mannen har forklart at han hadde drukke både øl og brennevin, og vedgjekk at han hadde blitt full og hindra politiet sitt arbeid.

Var under 18 år

Sjølv hugsar ikkje den unge mannen konkrete detaljar frå kva som skjedde, men han fann i retten ingen grunn til å stille spørsmål ved politimennene si framstilling av hendinga.

Det har lenge vore rettspraksis at vald mot politiet skal straffast med fengsel utan vilkår, skriv tingrettsdommar Walter Høyvik i rettspapira.

Om samfunnsstraff skal vurderast må det ligge spesielle forhold til grunn. Det at tiltalte har vedgått forholdet og vist anger er ikkje nok.

Det som derimot talte for at den unge mannen skulle sleppe unna fengselsstraff var hans unge alder då episoden fann stad.

Ein hovudregel er at ungdom under 18 år ikkje skal straffast med fengsel utan vilkår, og etter ei samla vurdering har retten funne at den unge mannen i denne saka skal sleppe soning bak lås og slå.

Den unge mannen er difor dømd til 30 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. Om han ikkje gjennomfører dette etter planen må han sone 21 dagar i fengsel.