NRK Meny
Normal

Slepp fengsel - må fullføre behandling

Ein sogning i 30-åra slepp fengsel etter at han i vår truga med å skamslå både ekskjærasten og borna hennar.

Fjordane tingrett

MØTTE IKKJE: Mannen i 30-åra møtte ikkje sjølv i retten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra måtte svare for fleire forhold då saka mot han gjekk i Fjordane tingrett i august.

I fjor vår knuste tiltalte seg saman med ein annan inn på ein kommunal institusjon. Medan tiltalte stod att ute, tok den andre seg inn i bygget og tok med seg fleire ulike typar tablettar og sprøyter.

Tablettane tok tiltalte med seg heim, der han også brukte ein del av det før politiet på eit tidspunkt ransaka heimen hans.

I tillegg til dette innbrotstjuveriet måtte mannen også svare for seg for ein episode som skjedde i vår. Mannen skal då ha følgd etter og truga ekskjærasten med å skamslå både ho og borna hennar.

Etter denne hendinga fekk mannen besøksforbod mot kvinna, men kort tid etter sende han ho fleire tekstmeldingar. Retten meiner kvinna på dette tidspunktet hadde eit sterkt behov for å bli skjerma for kontakt med tiltalte.

Ut frå ei samla vurdering meiner retten at forholda mannen var skuldig i burde straffast med fem månader i fengsel.

Mannen er ikkje tidlegare straffa og er no under behandling for å kome seg ut av rusmisbruket som har prega livet hans. Retten har etter ei samla vurdering kome fram til at han skal dømmast til fengsel i 120 dagar, der straffa er med prøvetid på to år. Vilkåret for at mannen får straffa med prøvetid er at han fullfører og gjennomfører behandlingsopplegget han har starta på.

Han må også betale vel 3000 kroner i erstatning etter innbrotet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser