NRK Meny
Normal

Slepp å sende 280 tonn akkar tilbake til Asia

Departementet overprøver Mattilsynet – Domstein får importere agn trass feil i papira.

Store deler av vinterens torskefiske kan stå i fare. For Mattilsynet har tatt beslag i 280 tonn agn, på grunn av feil i tollpapira.

FRYKTA STORE TAP: Kvart fartøy i flåten kan tape 10–12 millionar, sa leiaren i fiskarlaget til NRK tidlegare i veka. Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen.

– Mattilsynet tek avgjerda til etterretning, og vi har informert importøren om at dei kan importere akkaren, seier seksjonssjef Malin Florvåg i Mattilsynet.

Ein feil i tollpapira sette kjeppar i hjula for Domstein-konsernet sin import av 13.000 pakkar med blekksprut, nærmare bestemt 280 tonn akkar, som skulle nyttast som agn for torskefisket i Nord-Norge.

Sjølv om feilen i papira vart retta, kravde Mattilsynet at Domstein anten frakta akkaren tilbake til Sør-Korea for papirendring eller at konsernet måtte brenne agnet.

– Eit tullete vedtak frå nokon som skal ri ein paragraf heilt ut, sa Jarl Magne Silden i fiskarlaget i Sogn og Fjordane.

Jarl Magne Silden

BRA, MEN..: Jarl Magne Silden er nøgd med avgjerda frå departementet, men synest ikkje noko om at slike situasjonar skal kunne oppstå.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Kjempegreier at dei tek til vit

Domstein-konsernet sende via sine advokatar ein klage på vedtaket til nærings- og fiskeridepartementet. No har departementet overprøvd Mattilsynet si avgjerd etter ei heilskapleg vurdering.

– Det er kjempegreier at dei no tek til vit. Men det burde ikkje vere naudsynt at slike ting skal skje, seier Silden til NRK.

– Departementet står som politisk styresmakt friare til å ta omsyn til fleire forhold og til å utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen. Dei har lagt særleg vekt på dei store næringsmessige konsekvensane av å nekte import av dette partiet, forklarer Florvåg i Mattilsynet.

Ho legg til at departementet også har lagt vekt på at akkaren berre skal nyttast i Norge, og samstundes ikkje til menneskemat.

Malin Florvåg

ENDRAR IKKJE: Malin Florvåg i Mattilsynet meiner regelverket ikkje gir særleg rom for skjønsmessige vurderingar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mattilsynet endrar ikkje den strenge praksisen

Domstein-konsernet i Måløy importerer seks millionar kilo akkar i året, rundt 90 prosent av totalimporten til Norge. No må Mattilsynet oppheve beslaget på 280 tonn akkar.

– Er de nøgde med avgjerda?

– Vi tek avgjerda med oss. Men denne saka vil ikkje endre praksisen ved grensekontrollstasjonane. Vi utgjer EU si yttergrense ved import frå tredjeland, og har eit ansvar for å sikre at importen tilfredsstiller det strenge regelverket. Det gir lite rom for skjønsmessige vurderingar, seier Florvåg.

Det har Silden lite til over for.

– Det må berre importørane ta konsekvensen av, og heller importere til Europa og ta det inn i Norge med bil, slik at varene allereie er klarerte før dei kjem inn til landet, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune