Hopp til innhold

Slåtten regnar vekk og graset rotnar på rot

NAUSTDAL (NRK): Juli og august har vore av dei våtaste sommarmånadane målt nokon sinne på Vestlandet, og mange bønder har vorte hindra frå å slå graset. No byrjar det å haste, for graset blir berre dårlegare.

Slåtten regna vekk i Naustdal

REGNAR VEKK: Bonde Tor Arne Herstad i Naustdal kan ikkje køyre med traktor på bøane når det er så vått som no. Då er det fare for å øydelegge fôret til neste år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Juli månad var veldig våt, og august har så langt vore endå verre. For mange bønder betyr det at slåtten regnar vekk.

– Vi køyrer med tunge maskiner, så viss vi køyrer på jorda no, så klemmer vi saman jorda. Og det dreper rota på den kunstenga som vi har prøvd å så inn, og då blir det berre ugras, seier bonde Tor Arne Herstad i Naustdal.

Tenker på neste års avlingar

Graset skulle vore slått og blir no dårlegare for kvar dag som går, og til slutt blir det heilt øydelagd. Årets juli har vore ein av dei våtaste som har vore målt på Vestlandet, og så langt i august har det vore endå verre.

Tor Arne Herstad

TAPER PENGAR: Tor Arne Herstad kan ikkje vente å få støtte for tapa knytt til regnsommaren.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

No som det er flaumvarsel har ikkje Tor Arne noko anna val enn å sitte å sjå på at graset forvitrar.

– Vi må tenke på neste års avlingar òg, så vi kan ikkje berre dure ut på bøane og øydelegge alt vi har. Det er veldig frustrerande å sjå at rgaset blir dårlegare dag for dag.

– Dårlegare og dårlegare

Dag Arne Eide i Norsk landbruksrådgjeving seier at mange bønder på Vestlandet slit med det same som Tor Arne Herstad i Naustdal.

– Dei som ikkje har slått andreslåtten, vil no slite med veldig våt jord framover i denne veka, når foret eigentleg skulle ha vore hausta.

Han meiner at kvaliteten på graset no har passert toppen, i alle fall på tidlege stadar.

– Fôret vil berre bli dårlegare og dårlegare samtidig som det blir vanskelegare og vanskelegare å hauste det ettersom tida går.

Økonomiske tap

Han seier at dersom fôret blir for dårleg, vil dyra vekse for dårleg og dei vil derfor melke for dårleg. Dette vil gje bøndene økonomiske tap, og Eide trur ikkje at dei får støtte for å dekke desse tapa.

– Det er ikkje uvanleg at bøndene må slite med vertilhøve som går utover avlingane, så det skal veldig mykje til for at slike ting er så alvorleg at det kjem inn under nokon slags ordning for avlingsskade, seier Eide.

Han meiner bøndene må vere på hugget.

– Ein kan ikkje rekne med at ein finvêrsperiode kan vare så altfor mange dagar og då er det viktig å stå på når det er høve til det.

For Tor Arne Herstad får regnvêret og den dårlege slåtten store økonomiske konsekvensar.

– Det går utover inntekta vår. Men vi jobbar med naturen, så det er ein del av gamet, seier Herstad.