NRK Meny
Normal

Slåsting og fyll prega politinatta

Og ikkje uvanleg var det rusa personar som gav politiet nok å hanskast med i natt.

Politibil - illustrasjon

LANG OG TRAVEL NATT: Det starta med ein slåstkamp like før midnatt og roa seg ikkje før politiet hadde fått stabla på beina ein ungdom fem og ein halv time seinare.

Foto: Illustrasjonsfoto

Like før midnatt vart ein rusa person i 20-åra, som hadde slåst ved ein utestad, henta av politiet i Selje. Mannen vart sett i arresten og sak er oppretta.

Noko seinare, på Bruland i Førde, vart ei jente henta av ambulanse med smerter i ryggen. Ho hadde blitt trykt fleire gonger opp etter ein bil. Politiet har namnet på gjerningsmannen og vil følgje opp saka. Like etter i sentrum vart ein mann i 30-åra køyrt heim av fordi han hadde laga bråk ved ein utestad.

I Sogndal måtte politiet like etter klokka halv eitt ta hand om ein kranglevoren drosjepassasjer i 20-åra. Mannen vart køyrt heim. Omtrent samstundes måtte politiet rydde opp i ein krangel i sentrum. Partane fekk beskjed om å gå kvar til sitt. Seinare på kvelden køyrde politiet heim ein ungdom som var overstadig rusa.

Like før klokka eitt tok politiet hand om ein rusa mann i 30-åra i Førde sentrum. Mannen vart køyrd heim. Timen seinare var det ei rusa kvinne i 20-åra teken politiet måtte ta seg av. Kvinna vart teken med av venner som skulle heim.

I Høyanger vart politiet kalla til ein utestad der ein mannleg gjest i 40-åra skapte bråk. Mannen hadde forlate staden då politiet kom fram.

Like før halv tre fekk politiet melding om ein slåstkamp utanfor ein skjenkestad i Måløy. Gemytta hadde roa seg då politiet kom til staden.

I Førde vart ei skadd jente køyrt til legevakta klokka halv tre. Politiet har ikkje fleire opplysningar i saka. Ein halvtime seinare vart ei kvinne slått til i sentrum. Politiet vil undersøke saka vidare. Litt over tre måtte politiet roe gemytta hos ein gjeng som var samla ved ein bensinstasjon.

Siste hending for kvelden kom like etter klokka hadde bikka halv fem. I sentrum av Førde måtte politiet stable ein ungdom på beina, som på det tidspunktet hadde lagt seg til å sove. Ungdomen var overlaten til vener som køyrde han heim.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå