Slåsting i Nordfjord

Både i Stryn og på Nordfjordeid melder politiet om slåsting i nattetimane. På Nordfjordeid var fleire involverte i hendinga utanfor ein utestad. Ei vakt vart send til legevakt, medan ein gjest fekk behandling på staden. I Stryn måtte ein person til Nordfjord sjukehus for behandling av hovudskadar. Mannen var medviten då han blei teken dit.