NRK Meny
Normal

Slåst for sjukehus i fødselsannonse

Fødselsannonsar har blitt eit politisk verkemiddel: Fleire og fleire nybakte foreldre takkar nemleg fødetilboda ved lokalsjukehusa i fødselsannonsane sine.

Fødselsannonse i Fjordingen

POLITISK BODSKAP: Det blir stadig fleire slike fødselsannonsar, der nybakte foreldre takkar fødestovene i Lærdal og på Nordfjordeid for opphaldet. Håpet er at dei skal påverke til at fødetilboda held fram som dei er.

Foto: Faksimile Fjordingen

- Eg hadde ei veldig god oppleving i Lærdal. Så når det kjem til stykket, er det litt politikk i det også, seier Mona Teigen Kvam frå Sogndal.

20. april vart ho mamma til Camilla. Fødselsannonsen hennar i Sogn Avis var ein takk for god oppfølging - og ei støtte til sjukehuset i kampen for fødestova i Lærdal.

- Eg skulle ønskje at vi fekk behalde det lokale fødetilbodet. Det er så bra der inne, seier Teigen Kvam.

Er bidrag i sjukehusstriden

Det er mange som gjer som Mona Teigen Kvam og ektemannen Einar, og takkar fødestovene ved lokalsjukehusa i fødeannonsar - og det er ikkje spesielt uvanleg.

Men: Dei nybakte foreldra i Sogn og Nordfjord som NRK har snakka med, fortel at fødselsannonsane deira er eit bidrag i kampen for fødestovene.

- Dei var flinke og hyggjelege, og vi fekk vere der veldig lenge. Vi ønskjer at sjukehusa skal vere der, og vi vil ha eit fødetilbod i nærleiken, seier Kristin Steinsbø Vestergaard.

- Mange vil kjempe for tilboda

I lokalavisa Fjordingen var det 19. mai seks fødselsannonsar - fire av dei retta ein stor takk til fødestova i Nordfjord. Ein av desse var frå Steinsbø Vestergaard og mannen Kristian.

- Håpar de at rosen kan hjelpe til i kampen for sjukehusa?

- Ja, eg håpar det. Når dei ser at mange er nøgde med tilbode, kan det hjelpe til slik at sjukehusa blir der, seier ho.

Ifølgje Steinsbø Vestergaard er det mange nybakte mødre som vil kjempe for fødestova i Nordfjord gjennom fødselsannonsane.

- Flott med skryt til tilsette

I samband med at Helse Førde må kutte 150 millionar på budsjettet, ønskjer styret å kutte føde- og akuttilbodet ved lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid.

I staden kan sjukehusa få status som lokalmedisinske senter.

- Vi har strategiprosessen vår, og utfodringa på 150 millionar kroner står der. Men det er flott at dei tilsette ved sjukehusa får den honnøren dei fortener, kommenterer styreleiar Clara Øberg i Helse Førde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.