Hopp til innhold

Slåss på russtreff i Sogndal

Politiet i Sogndal rykka seint fredag kveld ut til slåssing på eit russetreff.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det var også fleire overstadig rusa personar ved Sogndal stadion der russetreffet er.

Politiet fekk melding om slåssinga i 22-tida. Dei fekk roa ned gemyttane på staden. Operasjonsleiaren i politiet veit ikkje om det var russ eller andre som var involverte.

Ein person som var overstadig rusa, måtte ha tilsyn av helsepersonell.