Hopp til innhold

Slår seg sjølve konkurs

Hotel Sognefjord er konkurs. Det melder hotellet på sine eigne Facebook-sider. Hotellet i Leirvik i Hyllestad gjekk i 2015 med over ein million i underskot. Trass i oppsving siste året vart børa frå vanskelege tider til slutt for tung å bære. I går såg eigarane ingen annan utveg enn å stengje dørene og slå hotellet konkurs.