NRK Meny
Normal

Lanserer Vikjatrippelen for å dra endå fleire sprekingar til bygda

Dei tre løpa i Vik vert no samla under namnet Vikjatrippelen. Målet er å få flest mogleg til å delta på både Suten opp, Vidasete opp og Mensen Ernst Minneløp.

Vikjatrippelen

BRATT OG LANGT: Vikjatrippelen består av løpa f.v. Vidasete opp i Feios, Suten opp i Vik og Mensen Ernst Minneløp i Fresvik.

Foto: privat

– Vi tenkte i grunn på det allereie i fjor, men då gjekk tida litt for fort, så vi vart for seine til å gjere noko med det, seier Monica Fedje Midlang, som er med i styret for Vidasete opp, motbakkeløpet i Feios.

Vidasete opp vert arrangert for niande gong i år og startar på Lunde på 400 m.o.h. og går fire kilometer på sti opp til toppen der ein kan skode utover Sognefjorden på 1227 m.o.h.

I bygda Fresvik har dei i 27 år arrangert Mensen Ernst Minneløp, eit 15,3 kilometer langt løp som har stigning på totalt 340 høgdemeter.

Ønskjer å tilby løparane meir

I Vik starta dei for tre år med Suten opp, der ein startar på Vikøyri 2 m.o.h. og fyk rett på 1,4 kilometer der ein gjer unna 500 høgdemeter før ein kjem i mål ved Stølen Skorge.

Alle løpa har hatt god deltaking, men no håpar Vik IL, Feios IL og IL Modig at ein kan lokke endå fleire løparar ved å samle løpa under Vikjatrippelen.

– Vi håpar dette vert eit godt og attraktivt tilbod til alle som tykkjer det er kjekt med nye utfordringar, og som likar å ha noko å strekkje seg etter. Vi håpar å kunne tilby løparane eit endå betre tilbod, seier Midlang.

Ho peikar på at sidan løpa er litt forskjellige, kan det få fleire til å søkje nye utfordringar.

– Dei er varierte både med tanke på stigning og lengd, så då bør det vere noko som treffer fleire, seier Midlang.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vikjatrippelen

GLER SEG: Gyda Bøthun (Mensen Ernst Minneløp), Berit Kolltveit (Suten opp) og Monica Fedje Midlang (Vidasete opp) håpar mange løparar finn vegen til Vik.

Foto: privat

Ønskjer å syne fram bygdene

Som gulrot, lokkar idrettslaga med premiering for dei tre damene og dei tre herrane som har samla best tid i dei tre løpa.

– Førstepremie er 4.000, andrepremie er 2.500 og tredjepremie er 1.500 kroner, seier Midlang.

Det er som før også vanleg premiering i kvart løp.

– Dette er løp som går i storslegen natur, og vi vil gjerne syne fram bygdene våre. Det finst heilt sikkert også folk i kommunen vår som ikkje har vore på alle tre stadane, så her er det moglegheiter, seier Midlang, som også gjerne vil ha løparar frå andre stadar i fylket på startlista.

– Vi har hatt deltakarar frå heile fylket til fleire av løpa, og det håpar vi held fram, seier Midlang.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy