Slår ring om rådmannen

Kommunestyrerepresentantane i Bremanger støttar rådmannen i kommunen.

Tor kristian Gulhaugen
Foto: NRK

Rådmann, Tor-Kristian Gulhaugen, skal ha plassert over 370 millionar kroner i risikofylte verdipapir utan at politikarane viste om det. Ingenting stod i rekneskapen.

- Rådmannen blir sittjande

NRK Sogn og Fjordane har ringt alle representantane i kommunestyret i Bremanger kommune. 14 av 23 medlemmar svara på førespurnaden. Vi stilte følgjande spørsmål: Kva hadde du svara om framtida til rådmann, Tor Kristian Gulhaugen, skulle avgjerast i dag. Må han gå, eller får han fortsette?

14 av 23 medlemmar svara på henvendelsen frå NRK Sogn og Fjordane.

- Eg vil at rådmannen skal bli sittjande. Vi er i ein situasjon der vi treng både rådmann og anna mannskap, seier Einar R. Kjerpeseth frå Senterpartiet.

Avventar

- Skulle vi bestemt om rådmannen får fortsette i dag, hadde eg svara ja. Vi veit ikkje kva som ligg bak. Om det er slik det har blitt framstilt i media er det ingen tvil, då måtte han ha gått. Men eg vil vente med å høyre kva som kjem fram på møtet i morgon, seier Britt H. Dalsbotten frå Framstegspartiet.

- Eg vil vente med å svare til vi får vite kva som har skjedd. Eg vil høyre kva rådgjevarane i kommunen seier, og kva fylkesmannen kjem med, seier Johan K. Vadøy frå Krf.

- På dette tidspunkt meiner eg han bør få sitje. Vi har ikkje oversikt over kva rådmannen har gjort endå, seier Kåre Jarl Langeland frå Venstre.

Informasjonsmøte

Høgre sin representantar ville ikkje kommentere saka. Alle representantane frå Arbeidarpartiet henviste til ordførar Kåre Olav Svarstad. Ordføraren var nesten like ordknapp som resten av Arbeidarpartiet sine representantar.

- Det er eit spørsmål eg ikkje har grunnlag for å svare på no. Kommunestyret har bestemt seg for å få oversikt og deretter fordele ansvar, seier han.

I morgon vert det halde informasjonsmøte om Terra-saka på rådhuset i Svelgen, og i Bremangerhallen seinare på kvelden. Her vil innbyggjarane i kommunen bli informert om Terra-saka.