NRK Meny
Normal

Slår ring om omstridd utvalsleiar

Ei nyoppretta Facebook-gruppe slår ring om Flora kommune sin omstridde leiar i helse- og sosial utvalet, Jacob Nødseth.

Jacob Nødseth

FÅR STØTTE: Ordføraren vil kaste han, men fleire slår no ring om HSU-leiar Jacob Nødseth.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Gruppa, som har fått namnet «Vi som ønsker Jacob Nødseth som HSU-leiar» vart starta opp av syster til multihandikappa Joakim Osland (18), Rebecca Liset. I skrivande stund har den opne gruppa 486 medlemer.

Til Firdaposten seier Liset at ho reagerer på måten Jacob Nødseth vart behandla etter at han tok opp saka til bror sin i utvalet.

– Eg og familien føler at Jacob er den einaste av politikarane som har teke tak i saka, og som har fått ting gjort, seier Liset til avisa.

Greip inn i saka

Konflikten mellom ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) og hans tidlegare politiske rådgjevar, Nødseth, spissar seg til att. Konflikten blussa opp att etter at Nødseth kalla inn til ekstraordinært utvalsmøte om behandlingstilbodet til Osland.

Medan administrasjonen sa tvert nei, gjekk utvalet inn for å gje guten eit privat omsorgstilbod. Dette vart seinare stadfesta av bystyret.

– Det blir heilt feil å bruke saka om Joakim for å kaste Nødseth, seier Liset til Firdaposten.

Uro, konflikt og mistillit

Lokallaget i Høgre har avvist at det er den aktuelle saka som er årsak til at dei no vil fjerne Nødseth som HSU-leiar. Ifølgje ordføraren skal fleire medlemer ha bedt om å få tre ut av utvalet.

Fleire skal også ha signalisert at dei ynskjer å stille plassane sine til disposisjon. I ei pressemelding fredag sa ordføraren at uro, konflikt, mistillit og uvisse pregar utvalet.

– Det er viktig at arbeidsmiljøet i og rundt utvala fungerer tilfredsstillande, spesielt i forholdet mellom politikk og administrasjon. Slik er det dessverre ikkje i dag, og ordføraren ber derfor bystyret foreta ein omorganisering av utvalet ved å endre samansettinga av medlemer.

– Eg opplever tvert imot at utvalet er eit utval der det blir gitt rom for at vi er både sakleg politisk usamde og har gjensidig respekt for kvarandre, og kan ha det hyggeleg medlemene imellom, svara Nødseth.