Raudgrøn pressekonferanse provoserer Frp

– Dei bør få nokre tips før dei set i gong for fullt. Eg trur dei treng hjelp med å komme i hamn, seier Norvall Nøringset (Sv) om jordbruksforhandlingane som tek til i dag. Pressekonferansen provoserer Frank Willy Djuvik (Frp).

Norvall Nøringset, Jenny Følling, Nils P. Støyva

SLÅR RING: Staten sitt tilbod til bøndene gjer Norvall Nøringset (SV), Jenny Følling (Sp) og Nils P. Støyva (Ap) uroa for dei 4.434 arbeidsplassane i fylket som er knytt til jordbruk og næringsmiddelindustrien.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Fylkeslaga til dei raudgrøne partia, samla i dag pressa til pressekonferanse for å uttrykkje si misnøye og uro i samband med årets jordbruksoppgjer.

Bøndene bad om ein auke på 1,5 milliardar kroner. Staten tilbyr 150 millionar.

– Opplegget som ligg i jordbruksforhandlingane er dramatisk for Sogn og Fjordane og vil setje 4.500 arbeidsplassar i landbruks- og næringsmiddelindustrien i fare. Difor ropar vi eitt varsku, seier gruppeleiar Jenny Følling i Senterpartiet.

– Spegelvendt oppgjer

Næringane Følling snakkar om utgjorde 8,2 prosent av alle arbeidsplassane og produserte i fjor 105 millionar liter mjølk.

Kursen den blå-blå Regjeringa no ser ut til å legge opp til gjennom tilbodet, fryktar dei førre regjeringspartia vil føre til ei rasering av landbruket i fylket.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fylkesleiarane i Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV kalla tysdag inn til pressekonferanse. Tema: jordbruksforhandlingane.

SJÅ VIDE: Fylkesleiarane i Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti kalla inn til pressekonferanse om jordbruksforhandlingane. (FOTO: Karl Kristian Langeland/NRK)

– Heile opplegget for årets landbruksoppgjer, der tidlegare tilskot var knytt for å kompensere i høve til storleik, geografi og vekstvilkår, er heilt spegelvendt. Dei fordelar Sogn og Fjordane har hatt, misser ein ved årets oppgjer, seier gruppeleiar i Ap, Nils P. Støyva.

Utraderer landbruket

– Så er det også føreslått å heve kvotetaket frå 400.000 til 1,2 millionar liter mjølk, held Støyva fram.

– Men er det ikkje bra med meir produksjon?

– Vi har nesten ingen som leverer 400.000 liter. Vi har nokre samdrifter som leverer. Det er dei store produsentane som tener på det, og vi blir taparane.

– Det er berre Jæren, Trøndelag og nokre flatbygder på Austlandet som kan produsere etter den malen, med 1,2 millionar liter per bruk. Resten av landbruket i distrikta vil bli utradert, legg Følling til.

– At Regjeringa vil satse på dei få store, og då forsake dei mange små, trur du ikkje at det er god motivasjon for alle dei små til å bli større og produsere meir?

– Det er eg sikker på at dei små ville gjort om dei hadde hatt areal og driftsgrunnlag til å gjere det. Problemet er at vi har fjordar og fjell og bratte bakkar. Vi produserer på det arealet vi har og difor bør vi ha ein bruksstruktur som er tilpassa driftsgrunnlaget her, og profilen på det må vere innretta slik at det blir økonomi i landbruket her.

Slutt på honnørord

Dei raudgrøne partia fryktar større mjølkeregionar opnar opp for friare flyt av mjølkekvotar på tvers av fylkesgrensene.

Ut frå partiprogramma til regjeringspartia fryktar Sp, Ap og SV at det berre er første rasjonaliserings- og sentraliseringsgrep.

– For SV sin del er oppgjeret signalet på å forlate alle honnørorda for landbruket. I eit økonomisk perspektiv, der alt berre skal handle om pengar og effektiv produksjon, så fell alle honnørorda som kortreist mat, økologisk drift, landskapspleie, reiseliv, småskala og nisjeprodukt, seier Norvall Nøringset i Sv.

– Må stoggast

Trioen fryktar at familiebruka i distrikta blir lagde ned og at store delar av areala går ut av drift. At produksjonen blir flytta til sentrale strok, der grasareal vil fortrenge kornareal.

– Ein må importere korn, og det blir totalt sett mindre matproduksjon, som igjen bryt med Stortingsmeldinga om auka matproduksjon. Det bryt også med sjølvforsyningsgraden i Norge, slår Følling fast.

– De klarer ikkje å stogge dette åleine, så korleis vil de no innordne dykk med KrF og Venstre for å få stogga dette?

– Eg reknar med at KrF og Venstre er tydelege i sin bodskap til regjeringa. Strukturgrepa kombinert med svekka økonomi for landbruket i vårt fylke er uakseptabelt og må stoggast, seier Støyva.

– Uryddig

Frank Willy Djuvik

URYDDIG: Fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik, har lita forståing for at dei raudgrøne held pressekonferanse same dag som jordbruksforhandlingane tek til.

Foto: Torje Bjellaas

Frank Willy Djuvik, fylkesleiar i Frp, spådde brot i forhandlinga før Staten gav bøndene sitt tilbod .

No meiner han det er uryddig av dei raudgrøne partia å prøve å påverke ei pågåande forhandling.

– Hadde dei venta til det var brot eller ein avtale på plass, så hadde eg hatt forståing. Det er først når det er brot at det blir ei politisk sak, seier Djuvik og ber samstundes Støyva, Følling og Nøringset om å lese tilbodet frå Staten og å sjå dette opp mot kravet frå bøndene.

– Ikkje berre økonomien

– Det er ikkje berre den økonomiske ramma som dannar grunnlaget for jordbruksforhandlingane, men innretninga på tilbodet. Det som ligg i tilbodet frå Staten er at dei som har investert og står i startgropa for å investere skal vere sikre på at dei har økonomi og lønnsemd som gjer det gunstig for dei og har føreseielegheit til å satse framtidsretta på sine bruk, seier Djuvik.

For 15 år sidan var det langt over 1.000 bruk med under ti mjølkekyr. I dag er kring 200 av desse att. Djuvik seier at det meste av areal og bruk er overtekne av større bruk.

Håpar på god avtale

– No lurer mange bønder på om dei skal investere eller leggje ned. Regjeringa legg opp til ein politikk som gjer at dei ikkje skal leggje ned. Dei skal satse, dei skal vidareutvikle slik at vi også i Sogn og Fjordane får eit framtidsretta landbruk, seier han.

– Eg håpar vi får ein god avtale, som sikrar lønnsemd, berekraftig og framtidsretta jordbruk over heile landet, avsluttar Djuvik.