– Arbeidet er no under ferdigstilling, og retningslinene skal etter planen sendast ut til etaten innan utgangen av året, seier seksjonsleiar Kristin Elnæs i politidirektoratet.
I fjor blomstra debatten på nytt opp då 14 politibetjentar og to narkotikahundar vitja Flora vidaregåande skule i Florø for å informere elevane om narkotika.
– Dette er synd. Vi ser at slike aksjonar skjer fleire gonger, seier fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane, Sveinung Sandal.
Tydelege retningsliner
Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, er ikkje overraska over konklusjonen til Spesialeininga.
Samstundes meiner han saka i Florø understrekar behovet for tydelegare retningsliner, og klarare skilje mellom førebyggande arbeid og aksjonar med hund.
– Når vi er ute på aksjonar, så er det klare reglar. I høve til førebyggjande oppdrag, så må justisdepartementet kome med klarare retningsliner, seier han.
Både skular, arbeidsplassar og institusjonar har spurt etter liknande besøk, som det i Florø. Difor har det vore viktig for han med klarare retningsliner.
– Debatten har gjort at vi har blitt meir nøye med bruken av narkotikahund, seier sjef for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.
Avklaringar på veg
No er avklaringa like om hjørnet.
Justisdepartementet har bede direktoratet om å utarbeide nasjonale standardar som sikrar at bruk av narkotikahund på skular i det førebyggande arbeidet, blir gjennomført på ein rettsleg forsvarleg måte.
Seksjonsleiar Elnæs vedgår at arbeidet har teke tid, men seier at dei nærmar seg slutten.
– Det er viktig at politiet sitt arbeid blir sett i samanheng med øvrig narkotikaførebyggande arbeid på skulane. Det har difor teke noko tid også for å få koordinert arbeidet med mellom anna helse- og utdanningssektoren, seier ho