Hopp til innhold

Slår fast at fylkessekretæren kom med uakseptable uttaler om Unge Høgre-leiaren

Fylkessekretæren i Høgre har komme med upassande utsegner som ikkje høyrer heime i partiet. Men partileiinga finn ikkje at det er snakk om mobbing, og striden mellom Ingvar Torsvik Myrvollen og Unge Høgre-leiar Amanda Solvåg blir lagt død.

Ingvar T. Myrvollen og Amanda Solvåg (montasje)

PÅSTÅTT MOBBING: Unge Høgre-leiar Amanda Solvåg hevdar seg utsett for mobbing av moderpartiet sin fylkessekretær, Ingvar Torsvik Myrvollen. Høgre sitt arbeidsutval frikjenner Myrvollen for mobbe-anklagene, men meiner han har handla kritikkverdig.

Foto: NRK/privat

Det er klart etter eit oppvaskmøte på fylkespartikontoret i Førde måndag.

– Vi har komme til ei grei semje om dette. Vi skal ta tak i det som går på organisasjonskultur og betre samarbeid. Dei etiske retningslinjene skal drøftast. I så måte er dette ein god start, seier fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen til NRK.

Han viser elles til ei pressemelding sendt ut måndag kveld (sjå nedst i artikkelen).

Kjende seg mobba

Arve Mjømen

LEGG LOGG PÅ SAKA: Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, Arve Mjømen, seier partiet ser seg ferdige med mobbesaka.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I januar fortalde fylkesleiar Amanda Solvåg i Sogn og Fjordane Unge Høgre at ho kjende seg mobba og systematisk motarbeidd av Høgre sin fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen. Solvåg skulda Myrvollen for å ha snakka nedsetjande om ungdomsleiaren i andre sitt nærvere, og for å ha drive utidig innblanding i ungdomspartiet.

«Eg har over tid følt meg trakassert og mobba av fylkessekretær Ingvar T. Myrvollen»

Myrvollen har overfor NRK hatt ei heilt anna oppfatning av dei påståtte tilhøva, men har vedgått at han ved to høve har vore unødvendig krass mot Solvåg, noko han har orsaka.

Etter at ho stod fram på NRK har det ulma i Unge Høgre. Under årsmøtet i helga vart fire av fem i styret, inkludert Solvåg kasta til fordel for kandidatar fremja gjennom benkeforslag.

– Uakseptabelt, men ikkje mobbing

Måndag ettermiddag var det duka for oppvaskmøte på partikontoret i Førde sentrum. Generalsekretæren i Høgre, John Ragnar Årset, tok turen over fjellet frå Oslo. I pressemeldinga som fylkesleiar Arve Mjømen sende ut til media i 21-tida måndag kveld, går det fram at fylkessekretær Myrvollen ved høve har hatt ein uakseptabel oppførsel overfor fylkesleiaren:

Arve Mjømen Ingvar Torsvik Myrvollen

FØRRE OPPVASKMØTE: Også i januar freista partane å skvære opp på ei møte på partikontoret i Førde. Arkivfoto

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

«Ingvar Torsvik Myrvollen har kome med einskilde uttaler og skildringar av Amanda Solvåg, som er uakseptable og som ikkje har nokon plass i partiet.», heiter det i pressemeldinga.

Myrvollen skal ha komme med skriftleg orsaking, ei orsaking arbeidsutvalet i partiet ser seg nøgde med. Arbeidsutvalet finn det ikkje bevist at Myrvollen har mobba eller trakassert Solvåg.

– Har du tillit til Myrvollen?

– Eg kommenterer ikkje ut over dette.

– Kva skjer vidare?

– No er vi ferdige. Saka er grei, og partane er forlikte om det som står i pressemeldinga, seier ein ordknapp Mjømen.

Ingen av dei andre tre som har signert pressemeldinga vil uttale seg om saka.

Pressemelding frå Sogn og Fjordane Høgre

PARTANE HAR SIGNERT: Nyleg avgått Unge Høgre-leiar Amanda Solvåg, fylkesleiar Arve Mjømen i Høgre, generalsekretær John Ragnar Årset i Høgre sentralt, og fylkessekretær Ingvar Torsvik Myrvollen har signert pressemeldinga.

Foto: Sogn og Fjordane Høgre

Her er pressemeldinga frå Sogn og Fjordane Høgre:

«Fylkesstyret i Sogn og Fjordane Høgre ser alvorleg på situasjonen som har oppstått mellom fylkessekretær, Ingvar Torsvik Myrvollen, og leiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre, Amanda Solvåg.

Arbeidsutvalet har gått grundig inn i saka og dei påståtte hendingane som ligg til grunn for varslingssaka. Etter samtaler med dei involverte, har vi ikkje funne haldepunkt for at det frå Ingvar Torsvik Myrvollen si side, har førekome mobbing og/ eller trakassering av Amanda Solvåg.

Samstundes er det klart at Ingvar Torsvik Myrvollen har kome med einskilde uttaler og skildringar av Amanda Solvåg, som er uakseptable og som ikkje har nokon plass i partiet.

Arbeidsutvalet er tilfreds med at han har gitt ei skriftleg orsaking utan atterhald, for desse tilhøva.

Arbeidsutvalet vil ta initiativ til eit utvida fylkesstyremøte, saman med sideorganisasjonane, for å drøfte organisasjonskultur og samarbeid. Vidare vil etiske retningsliner og rutinar ved varsling, gå inn som ein fast del av grunnskuleringa i fylkespartiet.

Høgre skal vere ein stad for folk i alle aldrar, til å engasjere seg i viktige samfunnsspørsmål, innanfor trygge og gode rammer. Det ligg eit særskilt ansvar på tilsette og tillitsvalde i leiarfunksjonar å syte for dette.

Førde, 8. februar 2016»