Hopp til innhold

– Saknar konkrete tiltak frå regjeringa

SOGNDAL (NRK): Norsk Studentorganisasjon slår alarm om for dårleg innsats på psykisk helse for studentar. No krev dei krev handling.

Ingrid Moe Albrigtsen

ÅLEINE I VERDA: For første gong er det ventelister for å kome til psykolog ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. – Du føler deg åleine i verda, seier Ingrid Moe Albrigtsen.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

I Sogndal sit ein student som har fått kjenne psykiske problem på kroppen. Å vere heiltidsstudent og leiar for studentparlamentet vart til slutt for krevjande for Ingrid Moe Albrigtsen.

– Det tok ei god stund før eg innsåg at eg trengde hjelp, og då eg først gjorde det, var det opptatt dei fire gongene eg forsøkte. Å møte ei stengt dør då eg såg at eg trengde hjelp var vanskeleg, seier ho.

Forverra psykisk helse for studentar

Ei landsomfattande undersøking i fjor viste at studentane si psykiske helse vart dårlegare mellom 2010 og 2014. Kvar femte student melde om alvorlege psykiske plager. Berre kvar tredje som slit søkjer hjelp.

Eitt år etter undersøkinga, meiner Norsk Studentorganisasjon regjeringa sin innsats på feltet har vore for altfor dårleg.

Jørgen Ringen Andersen

NSO: Jørgen Ringen Andersen.

Foto: Skjalg Bøhmer Vold / NSO

– Tilbodet er ikkje godt nok. Vi etterlyser ein klar plan frå regjeringa med konkrete tiltak for å løyse problema som finst rundt omkring i landet, men også konkrete førebyggande tiltak, seier velferdsansvarleg Jørgen Ringen Andersen.

Han fryktar kva som kan skje om det ikkje kjem øyremerka tiltak.

– Vi har såg jo i undersøkinga av studentane si helse og trivsel at tala vart verre. Vi fryktar det skal fortsetje å forverre seg, sjølv om vi håpar det ikkje gjer det.

Regjeringa: – Har styrka kommunane

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Lisbeth Normann, er ikkje samd i at dei har svikta i arbeidet med studentane si psykiske helse.

Lisbeth Normann

STATSSEKRETÆR: Lisbeth Normann.

Foto: Vilde Mikkelsen / NRK

– Vi har styrka psykisk helsearbeid i kommunane både med midlar og med å gje dei moglegheit til å auke talet psykologar. Det vil sjølvsagt også kome studentane til gode, seier Normann.

– Vi held også på å lage ein ungdomshelsestrategi, og det er viktig arbeid for også å få tak i kva som er utfordringar i studenttilværet, der profesjonell hjelp er viktig, seier ho.

– Du føler deg åleine i verda

Ved høgskulen i Sogn og Fjordane er det for første gong venteliste for å kome til psykolog, og ventetida har auka frå ei veke til over ein månad.

Albrigtsen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er uroa over situasjonen.

– Det er veldig synd, for det er vondt å vente. Det kan vere vondt berre å innsjå at du treng hjelp. Å måtte ventar forverrar heile situasjonen. Du føler deg enno meir åleine i verda då, seier studenten.