Hopp til innhold

Slår alarm om nattevaktene

Fire tillitsvalde i Askvoll kommune skriv i eit brev til kommuneleiinga at situasjonen for nattevaktene i helse- og omsorgstenesta grensar til det uforsvarlege.

Askvollheimen - sjukeheim i Askvoll

FLEIRE PASIENTAR, LIKE MANGE NATTEVAKTER: Askvollheimen (til høgre i biletet), er bygd ut ein del sidan 1990.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I brevet skriv dei at det sidan før 1990 har vore tre nattevakter. Sidan den gong har talet på pasientar auka, og pasientane er sjukare enn den gong. Det kjem mellom anna av at dei sjukaste tidlegare vart lagde inn på sjukehus og fekk vere der til dei vart friske eller døydde på sjukehuset.

Hovudtillitsvald i Fagforbundet, Wenche Ness Gabrielsen, seier at dei no må få oppretta nye nattevaktstillingar.

– Sjukeheimen er bygd ut meir og meir. Ved uro er det behov for fire nattevakter. Vi har god dialog med administrasjonen, slik at vi får leige inn ved behov, men av og til er det vanskeleg å få tak i folk.

Dei tillitsvalde skriv at det ikkje alltid er så lett å føresjå uro, eller at nokon blir sjuke og krev meir oppfølging, og at det er stor slitasje på dei faste nattevaktene.

– Høgt tal demente

Håkon Loftheim

FORSTÅR AT DET ER TRAVELT: Rådmann Håkon Loftheim.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Rådmann Håkon Loftheim seier at det sidan nyttår har vore eit stort trykk på helse- og omsorgstenesta på grunn av mange urolege pasientar, og at det difor ofte har vore trong for å kalle inn ein fjerde nattevakt.

– Så blir det ei vurdering om denne situasjonen vil vare ved, og om også ressursbruken må bli permanent. Generelt er eg ikkje i tvil om at det er travelt å arbeide i helse- og omsorgstenesta i Askvoll.

Loftheim seier at 2016 var eit år med normalt belegg i helse- og omsorgstenesta, men at det har vore år tidlegare med høgt trykk, og at det no i 2017 igjen er meir krevjande for dei tilsette.

– Etter nyttår har vi fått eit mykje større trykk på demensavdelinga vår. Vi har eit høgt tal demente for tida. Det er ressurskrevjande, så eg har forståing for det. Så får vi vurdere ressursbruken om denne situasjonen skulle vare ved.

– Ikkje sjanse til å evakuere alle

Dei tillitsvalde peikar også på at når ein heimebuande pasient utløyser tryggleiksalarmen, må den eine av nattevaktene forlate Askvollheimen. Skulle det oppstå brann, vil ikkje nattevaktene ha sjanse til å evakuere pasientane, skriv dei.

Rådmann Håkon Loftheim seier han forstår uroa, men han seier at dersom det oppstår brann er det ikkje meininga at nattevaktene åleine skal stå for evakueringa.

Wenche Ness Gabrielsen seier at ho håpar leiinga og politikarane i Askvoll ser behovet for fleire faste nattevakter.

– Men det er eit økonomisk spørsmål, så vi ser at det ikkje berre er å knipse, så har vi ei fast stilling. Dette må gå sin gang gjennom kommunalsjefen og vidare i administrasjonen, og til slutt er det opp til politikarane.