Hopp til innhold

Slår alarm om krisesenter

Ni av ti bebuarar på Krisesenteret i Sogn og Fjordane er frå utlandet.

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

MANGE MED INNVANDRARBAKGRUNN: I Sogn og Fjordane er nær 90 prosent av bebuarane ved krisesenteret frå utlandet. Og mange av dei blir buande i månadsvis, seier leiar Wenche Skorpen Hovland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- LIke sidan midt på 90-talet har det vore ein jamn auke i talet på kvinner med innvandrarbakgrunn. Men først i 2006 var kvinner med utanlandsk opphav i fleirtal, seier Tove Smaadahl til Bergens Tidende.

Ho er dagleg leiar for det nasjonale Krisesentersekretariatet, og opplyser at dei registrerer den same utviklinga over heile landet.

Kvinnene manglar nettverk

BT har sjekka med andre krisesenter, og funne ut at i Stavanger har over 80 prosent innvandrarbakgrunn. På Stord er talet like i underkant.

Det viser seg dessutan at kvinner med utanlandsk bakgrunn bur stadig lenger på krisesentra. Og ofte med ungane.

- Dei manglar nettverk. Vi har døme på kvinner som har vore her i eitt år, seier leiar Wenche Skorpen Hovland ved Krisesenteret i Florø.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane
Foto: Nyhetsspiller / NRK

Blir heilt hjelpelause

Halvparten av dei utanlandske kvinnene som i år har søkt tilflukt til Krisesenteret i Flor, bur saman med norske menn.

- Det er langt frå slik at det berre er utanlandske menn som tyr til vald, seier Hovland til Bergens Tidende.

Ho opplever at kvinner med minioritetsbakgrunn snakkar dårleg norsk, har lite kjennskap til korleis ting fungerer i Norge og at mennene har ordna alt for dei.

Når dei så må klare seg sjølv, blir dei heilt hjelpelause.

- Kvinner som bryt ut av slike ekteskap, treng veldig mykje help, seier Skorpen Hovland.