Hopp til innhold

Slår alarm om for låg bemanning

23.000 kroner per kommune hadde vore nok til sårt tiltrengde nye arbeidarar ved Krisesenteret neste år. Men likevel vil kommunane leggje ein langtidsplan.

Krisesenteret i Florø

NYE PROBLEM: Krisesenteret får stadig fleire brukarar med samansette problem, med psykiske lidingar og aktive rusbrukarar. Her eit bilete frå barneavdelinga.

Foto: NRK

Krisesenteret ligg i Florø, og er eit samarbeid mellom alle kommunane i fylket. Senteret skal ta vare på personar som ikkje kjenner seg trygge i eigen heim, til dømes på grunn av vald og truslar. Dei har både butilbod og dagtilbod.

Dagleg leiar ved senteret, Wenche Hovland, bad kommunane om eit budsjett for neste år som gjer at ho kan tilsette fleire.

– Det er avgjerande for ein god kvalitet på tilbodet. Vi kan ikkje ha det slik at det går på helsa laus for dei som jobbar hjå oss, fordi vi ikkje har bemanning nok, seier dagleg leiar Wenche Hovland.

Fleire med rus og psykiske lidingar

Noko av bakgrunnen for behovet er at absolutt alle har krav på hjelp ved senteret, etter lov om Krisesenter frå 2010. Det gjer at fleire av brukarane har samansette problem i dag enn tidlegare. Pågangen av personar med psykiske lidingar, aktive rusbrukarar og andre med spesielle behov har auka.

Wenche Hovland

DAGLEG LEIAR: Wenche Hovland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har ikkje nok bemanning til å ta vare på alle desse gruppene, seier Hovland.

I dag har ho 12 tilsette i 9,7 årsverk. Ho bad om 1,3 nye årsverk neste år.

– Det er tøft for dei som er der. Vi har berre ei nattevakt, vi har ein person om gangen på vakt i helgene. Vi går aleine på vakt. Det kan vere svært utfordrande i periodar der vi har menneske med slike samansette problem.

Pris: 23.000 kroner per kommune

Flora er vertskommune for Krisesenteret. Kommunalsjef Norunn Stavø sit også i samarbeidsutvalet for krisesenteret, som har medlemmar frå alle regionane i fylket. Ho avviser ikkje auka bemanning, men det blir ikkje neste år.

– Som vertskommune kan ikkje vi gå inn å auke ramma, før det blir lagt inn i ein strategisk og langsiktig plan, seier Stavø.

Hovland ved Krisesenteret anslår at prisen for auken i bemanning som ho føreslo for neste år, er 600.000 kroner.

Likt fordelt mellom kommunane, skulle det bli like over 23.000 per kommune.

Stavø seier ei arbeidsgruppe skal sjå behovet ved Krisesenteret, med tanke på ei mogleg auke i bemanning. Men først i budsjettet for 2017.

– Vi er nøydde til å sette det inn i ein samanheng, og er nøydde til å sjå på det i lag. Så må vi få dei 25 andre kommunane til å vere med å betale for det, seier ho.