NRK Meny
Normal

Slapp fengsel etter fleire lovbrot

Ein 19 år gamal mann frå Nordfjord er dømd til 180 timar samfunnsstraff og inndraging av førarkort i tre og eit halvt år etter innbrot, fyllekøyring og brannstifting.

Nordfjordingen er tidlegare ustraffa, men det siste halvåret har han gjort ei rekkje lovbrot.

I mars i år knuste han ei rute hos Coop Reed og stal kattemat. Same månaden fyllekøyrde han med lånt bil. Han miste kontrollen over bilen, som hamna på taket.

Tjuvlånte bilar i fylla

Natt til første mai braut han seg inn i to kioskar og stal pølser, pizza og røyk. I juni tjuvlånte domfelte to bilar og køyrde i fylla. Han hadde ikkje gyldig førarkort under køyreturane.

Falske naudmeldingar

Han er også funnen skuldig i å ha ringt inn falske naudmeldinger til politiet. Då han gjorde det oppgav domfelte falsk namn.

Prøvde å sette fyr på skule

I slutten av juni prøvde han å sette fyr på Gloppen ungdomsskule. Han forklarte at han gjorde dette for at politiet raskare skulle avgjere sakene mot han.

- Unngå hardare miljø

19-åringen sa seg skuldig i tiltalen, og Fjordane tingrett har dømt han til 180 timer med samfunnsstraff, og har frådømt han retten til å køyre bil i tre og eit halvt år. Retten valde samfunnsstraff framfor fengsel fordi domfelte då kan få betre oppfylgjing og unngår å hamne i hardare miljø.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.