Hopp til innhold

Slapp av, det kjem i år óg

Eitt år - i 1992 - fann leiinga i NRK Sogn og Fjordane ut at dei ikkje trengde sende det tradisjonsrike høyrespelet "Du grøne glitrande tre". Det fekk dei angre.

Birger Meland og Magni Øvrebotten

TELEFONSTORM: Birger Meland og Magni Øvrebotten vart nedringde det året NRK Sogn og Fjordane ikkje sende høyrespelet 'Du grøne glitrande tre'.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Enno, 19 år seinare, sit opplevinga frå 1992 så fastlimt i veggane at NRK Sogn og Fjordane framleis ikkje tek sjansen på å ta høyrespelet av plakaten. I år blir det sendt i føremiddagssendinga i tre delar, 21., 22. og 23. desember.

For i 1992 vart det ein telefonstorm av dimensjonar. Birger Meland, som hadde sendinga på julafta, kom seg knapt heim til si eiga julefeiring på grunn av alle telefonane.

Alfred Maurstad

Alfred Maurstad spela alle rollene i 'Du grøne glitrande tre'.

– Idiotisk påfunn

– Idiotisk påfunn og det som verre var let ut av telefonen heilt til kyrkjeklokkene ringde inn jula klokka 17, fortel Meland.

Og Magni Øvrebotten, som var distriktssjef i NRK Sogn og Fjordane den gongen, fekk ikkje julefred heime. Telefonen stod ikkje.

– Hadde øydelagt jula

– Eg fekk klar beskjed om at eg hadde øydelagt jula for folk. Dei hadde vent seg til at dette høyrespelet med Alfred Maurstad i alle rollene kom julafta. Vi trudde at folk etter ti år var lei av denne årlege tradisjonen, men der tok vi styggeleg feil.

Og det var særleg den siste delen av høyrespelet, der dei hentar juletre i skogen, folk sakna.

Her kan du høyre kva sonen til Alfred, Toralv Maurstad, synest om at høyrespelet er så populært:

Sunnmøringar stod bak

Det var sunnmøringen Arthur Klæbo, tilsett i NRK, som i si tid skreiv høyrespelet. Og det var ein annan sunnmøring, Per Vassbotn, som i 1982 fann ut at dette måtte vere ein god juletradisjon for radiolyttarane i Sogn og Fjordane.

Då var det 30 år sidan første gongen "Du grøne glitrande tre" kom på lufta - på riksradioen. For det skjedde vesle julafta i 1952. Nordfjordingen Alfred Maurstad gjorde manuskriptet til Klæbo til levande radio med seg sjølv i alle rollene.

Arthur Klæbo

Arthur Klæbo skreiv høyrespelet.

Foto: Scanpix / SCANPIX