Slakteri-kamp om lammekjøtet

Sauebonden Arve Dahl i Eid kan konstatere at sauene hans er gull verdt om dagen. Slakteri over heile landet kjempar no om å få tak i nok lam til sesongen.

Arve Dahl

KAMP: Det er knallhard kamp om sauene i årets viktigaste sesong for slakteria. Arve Dahl i Eid konstaterer at sauene hans er gull verdt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– No er det gull og grøne skogar på sauekjøtet, og då må vi prøve å ta med seg det vi har sjanse til å få, humrar Arve Dahl, sauebonde i Eid.

For rekordhøg etterspurnad etter lammekjøt, har ført slakteria ut i kamp.

Dette igjen fører til kraftig priskonkurranse, der enkelte slakteri overbyr kvarandre i kampen om råstoffet.

– Lovar og lovar

Vinnaren i det heile blir sauebøndene som no opplever stort påtrykk frå slakteri som vil ha dei på leverandørlista.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord Kjøtt si annonse på Sunnmørsposten.

KAMP: Nordfjord Kjøtt si annonse på Sunnmørsposten sine nettsider.

Foto: Skjermdump smp.no

Etter ein god beitesesong trur Dahl, som også er leiar i Eid Sau og Geit, på ekstra flotte lam i år til slakteriet han leverer til.

– Eg må no seie, som vi har sagt i alle år, og eg har no veldig bra lam då. Men dei lovar og lovar, så vi får no sjå, seier Dahl og ikkje heilt veit om han skal våge å tru på dei gode prisane slakteria lovar.

– Knallhard konkurranse

I Stryn slaktar Nordfjord Kjøtt 22.000 lam i sesongen. Men skal bøndene velje akkurat dei, må dei vere det mest attraktive slakteriet.

Nordfjord Kjøtt i Loen

HEKTIS: Når sauekjøtet kjem, går Nordfjord Kjøtt i Loen inn i den mest hektiske sesongen i året.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ansvarleg for inntransport og logistikk, Anna Egedahl, vedgår at det er ein kamp.

– Konkurransen om å få lam er knallhard, seier ho.

Difor klinkar dei også til med lovnad om eit pristillegg på opp til heile 18 kroner og 20 øre kiloen til bønder som vel nettopp dei.

– Veldig, veldig høgt

Med andre ord betyr det vel 63 kroner kiloen til bonden for sauekjøtet. Med ei snittvekt på 20 kilo, kan ein altså få 1.260 kroner per lam. Kravet er at kvaliteten er topp, leveransen er innan neste veke og aller helst må ein vere storbonde slik at det blir effektiv transport.

Ole Ringdal

HØGT: Ole Ringdal, dagleg leiar i Ole Ringdal A/S.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Dagleg leiar Ole Ringdal hos Ole Ringdal A/S på Hellesylt i Stranda vedgår at kampen om sauekjøtet er hard. Han nektar å tru på prisløftet til Nordfjord Kjøtt.

– Det høyrest veldig, veldig høgt ut for å seie det rett ut. Det kan ikkje stemme. Det må vere ei misforståing. Vi har veldig gode tillegg vi også, men ikkje på det nivået der, seier han.

– Anslaget er rett

I Stryn lovar Egedahl at anslaget er rett. Dei same tala blir også brukt i annonser i lokalavisene om dagen. Egedahl oppmodar bøndene om å vere prisbevisste.

– Eg tykkjer bøndene skal undersøke, ta ei telefonrunde og sjekke kva dei kan få for lamma sine og levere der prisane er best, seier ho.

Nortura er framleis størst på slakt her til lands, og i Førde står folk klare til å ta i mot lam frå heile regionen i årets viktigaste sesong.

Kresen Dahl

Tor Olav Brandtzæg i Nortura

REKORD: Tor Olav Brandtzæg.

Foto: Nortura

– Vi har eitt stort behov for lammestoff. Lam sel veldig godt, og sel meir enn vi har gjort på lange tider, seier informasjonsdirektør Tor Olav Brandtzæg og trur mange saubeønder framleis vil velje dei.

På Nordfjordeid er Dahl kresen på kven han leverer til. Etter å ha levert i årevis til Nortura, leverte han i mange år til Nordfjord Kjøtt i Loen. Og i år vender han tilbake til Nortura.

Men Dahl meiner slakteria burde skjerpe seg. Hadde dei vore flinkare med tidleg informasjon, kunne fleire bønder fått meir ut av konkurransen om råstoffet.

– Desse annonsene som kjem no, er ein månad for seint, seier han.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.