Hopp til innhold

Slaktar Sogn og Fjordane fylkeskommune i hemmeleg brev

Sogn og Fjordane fylkeskommune står fram som særs uryddig og driv forskjellsbehandling i saka om eit eventuelt sal av Fjord1-aksjane. Dette hevdar Fjord1-medeigar Havilafjord i eit hemmelegstempla brev til fylkeskommunen.

Per Sævik

Per Sævik karakteriserer det som usmakeleg at han har vorte skulda for å suge ut størst mogleg utbyte av Fjord1.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen skal i dag legge fram tilrådinga si om fylkeskommunen bør selje aksjane sine i Fjord1 eller ikkje. Men det spørst om brevet frå Per Sævik sine advokatar, som tikka inn hos fylkeskommunen i går, gjer at heile saka må utsetjast.

I brevet får fylkeskommunen det i glatte lag for måten salsprosessen har vore handtert på. Ord som «særdels uryddig» og «klar forskjellsbehandling» blir mellom anna brukt.

Går om naudsynt til Høgsterett

Per Sævik opplever at fylkeskommunen prøver å ta frå han forkjøpsretten til Fjord1-aksjane.

– Vi aktar å bruke forkjøpsretten vår. Dersom fylkeskommunen neglisjerer dette, vil saka gå til retten, om naudsynt heilt til Høgsterett, fortel sunnmøringen Sævik.

Gjennom selskapet Havilafjord eig han 41 prosent av aksjane i Fjord1. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig dei resterande 59 prosent av aksjane i selskapet.

– Usmakeleg

Korkje fylkesrådmann Tore Eriksen eller fylkesordførar Jenny Følling ønskjer å kommentere saka. Følling viser til at brevet frå Sævik er av ein slik karakter at det er unnateke offentlegheit, og at ho difor ikkje kan gje kommentar.

Jenny Følling avsluttande valdebatt 2015

Fylkesordførar Jenny Følling viser til at brevet frå Per Sævik er unnateke offentlegheit og at ho difor ikkje kan kommentere saka.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sævik kjem på si side med meir kritikk mot fylkeskommunen. Han hevdar Havilafjord i salsprosessen har vorte framstilt som om dei prøver å suge størst mogleg utbyte ut av Fjord1.

– Skuldingane mot oss er usmaklege. Vi har heile tida vore veldig tydelege på at utbyte vil også gjerne vi ha, men det må vere eit utbyte som står i forhold til Fjord1 sine planar om vidare vekst og soliditet. Når det då blir framstilt slik at vi har fronta eit råkøyr for å få størst mogleg utbyte, så kjenner vi oss ikkje att, seier Sævik.

Vi kom inn i Fjord1 i 2011 og fekk mildt sagt hakeslepp då vi såg kor dårleg selskapet var.

Per Sævik

Har tru på Fjord1

Ifølgje avisa Firda tilrår fylkeskommunen sine konsulentar at fylkeskommunen sine aksjar blir selde til transportselskapet Torghatten med hovudkontor i Brønnøysund. Men dette vil ikkje Sævik ha noko av. Han har følgjande forklaring på kvifor han ønskjer å overta heile Fjord1.

–Vi kom inn i 2011 og fekk mildt sagt hakeslepp då vi såg kor dårleg selskapet var. I dag er Fjord1 eit veldrive selskap med god leiing. Vi forventar no at selskapet skal levere gode økonomiske resultat i åra som kjem, seier Sævik.

.