Hopp til innhold

– Den politiske prosessen rundt gruveprosjektet har vore for dårleg

I morgon skal kommunstyret i Naustdal vedta reguleringsplanar som kan føre Nordic Mining eit steg vidare planane om gruvedrift i bygda. Senterpartiet slaktar den politiske prosessen rundt dei omfattande planane.

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVE: Administrasjonen i Naustdal kommune vender tommelen opp for rutilplanane i Engebøfjellet. Onsdag skal politikarane gjere sitt val.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Den politiske debatten har, med unntak av eit folkemøte i går, vore fråverande. Det har ikkje vore dialog i kommunestyret i det heile, seier Viggo Leikanger i Naustdal Senterparti til NRK.no.

Han meiner den politiske prosessen rundt planane har vore forhasta og dårleg.

I morgon er skjebnedagen

Håkon Myrvang

KALLA INN TIL MØTE: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) har kalla inn til møte tysdag kveld.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Det er duka for politisk hestehandel på kontoret til ordføraren i Naustdal i kveld, tysdag. NRK.no veit at ordførar Håkon Myrvang (Ap) har kalla inn fleire gruppeleiarar for å få eit størst mogeleg fleirtal for planane om gruvedrift i Engebøfjellet.

I morgon er nemleg skjebnedagen for Naustdal kommune. Då skal politikarane ta stilling til reguleringsplan, næringsavtale og utbyggingsavtale for gruvedrift i Engebøfjellet.

Seier fleirtalet ja, er Nordic Mining eit steg nærare dei omstridde planane om å utvinne metallet rutil og planane om å dumpe store mengder restmasse i Førdefjorden.

Men den politiske og opne debatten har vore nesten ikkje-eksisterande etter at planane vart ferdig behandla av administrasjonen i kommunen for tre veker sidan. Det meiner Senterpartiet i kommunen.

– Den er ikkje mykje å rope hurra for, seier Leikanger.

– Kvar er det ein debatterer då?

– Ja, nei. Det er jo... Det er... Det er berre i kvar einskild partigruppe, og så tek ordføraren resten i det lukka rom.

– Kva slags lukka rom?

– Nei, det kan du sei...

Vil utsetje saka

Kristleg Folkeparti meiner også at saka har vore for dårleg behandla og jobbar no for utsetjing av saka.

– Vi meiner saka bør utsetjast fordi kommunen generelt får for lite igjen i høve dei avtalane som er inngått med tiltakshavar, seier kommunestyrerepresentant Terje Horne (Krf).

– Så de meiner Nordic Mining gir tilbake til Naustdal kommune?

– Ja, rett og slett.

Horne set sin lit til at dei får dei andre partia med på ei utsetjing. Han seier han er spent på om representantar frå Høgre og Arbeidarpartiet vil støtte Krf og Sp i denne saka.

Høgre trur ikkje på utsetjing

Høgrerepresentant Kjell O. Klopstad har brote med resten av partigruppa i Naustdal. Det har han gjort fordi han ikkje kan akseptere planane om fjorddeponi i Førdefjorden. Men han trur ikkje på noko utsetjing.

– Ein kan ikkje berre utsetje saka med ei laus grunngjeving fordi ein ønskjer meir tid. Dette er ein prosess som har gått både administrativt og politisk over lang tid. Så vi kan ikkje berre utsetje saka, seier han til NRK.no.

Han reknar med at det blir mange gruppemøte og samtalar tverrpolitisk før ei endeleg avgjerd i saka. Klopstad er ikkje i tvil om at morgondagens historiske kommunestyremøte blir spennande:

– Slik eg forstår det politiske landskapet vil gruveutbygging vedteke. Men ting kan skje, så det blir uansett eit veldig spennande møte, seier Klopstad.