– Ei total feilprioritering i skulepolitikken, seier Unge Venstre-leiar i Sogn og Fjordane, Daniel Gangeskar som sjølv er russ til våren.
Sogn og Fjordane Høgre vil børste støv av det gamle Høgre-forslaget om å flytte eksamen til tidlegare på våren, slik at russefeiringa kan gå sin gang utan uro for avgangskarakterane i vidaregåande. Partiet ønskjer å gjere Sogn og Fjordane til prøvefylke.
Stolar på elevane
– Russetida er komme for å bli, og då må samfunnet leggje til rette for at russen skal kunne feire på fornuftig vis, sa fylkesleiar Lise May Sæle i Unge Høgre til NRK onsdag morgon.
- Les også:
Det er ei haldning som ikkje møter forståing hos fylkesleiaren i Unge Venstre.
– Eigentleg seier dei at det er greitt å prioritere drikking og det som måtte følge med, i staden for skule. Det synest eg er leit. Dei aller fleste elevar vil ta det rette valet: Prioritere skule, men likevel få mykje moro ut av russefeiringa, trur Daniel Gangeskar
(Artikkelen held fram under biletet.)
– Kunnskapsparti?
Heller ikkje fylkesleiaren i Kristeleg Folkeparti let seg imponere om forslaget som kom opp på Sogn og Fjordane Høgre sitt fylkesårsmøte i helga.
– Det undrar meg at det kjem frå det partiet som seier at kunnskap i skulen er det viktigaste, seier Trude Brosvik.
Ho la ut følgjande melding på Twitter onsdag føremiddag:
– Vent med feiringa
– Eg synest det vil vere å begynne i heilt feil ende. Eg er einig med lærarane som seier at å kutte ned på skuleåret ikkje er det vi treng, utdjupar Brosvik overfor NRK.
– Har ikkje Høgre eit poeng i at om ein skil russetid frå eksamenstid så får ein betre tid til begge deler, og kanskje betre resultat på eksamen?
– Viss det er det ein vil, så må feiringa vike for skulen. Ein må gjere ferdig skulen, så kan ein ta ei skikkeleg eksamensfeiring etterpå, meiner KrF-leiaren.
Fryktar eksamen kjem for brått
I Unge Venstre fryktar Gangeskar dårlegare resultat om ein flyttar eksamen fram i tid.
– Ein mistar førebuingane og repetisjon opp mot eksamen. Eg er redd for at med ei flytting av eksamen til eit godt stykke før russetida, så vil det vere mykje bortkasta tid i etterkant, og for mange vil eksamen komme for brått på, trur Gangeskar.