Hopp til innhold

Slaktar fotballdraktene til Sogndal

– Det er jo to og ein halv meter for mykje stoff her, seier moteredaktør om heimedraktene til Sogndal.

Ole Jørgen Halvorsen

FOR MYKJE STOFF: Moteeksperten likar ikkje vidden og det ekstra stoffet som er bak på drakta.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ingeborg Heldal

LIKAR IKKJE DRAKTA: Moteredaktør Ingeborg Heldal var var streng då ho ga terningkast til Sogndal-drakta.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

For Cosmopolitan-redaktør Ingeborg Heldal fekk i oppdrag av aftenposten.no å trille terningen på alle dei 16 heimedrakten i årets eliteserie.

Og den einaste drakta som fekk terningkast 1, var Sogndal si.

– Kva skjer her? Det er kanskje to og ein halv meter for mykje stoff her, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ho liker ikkje at den er vid og ekstra sid bak. Dette gjer den uformeleg, meiner moteeksperten.

– Stakkars gutar i Sogndal. Det er sikkert mange kjekke spelarar på laget, men det kjem vi ikkje til å få sjå denne sesongen. Dette er terningkast 1, seier ho til nettavisa.

Vinnaren i den uhøgtidelege kåringa blei Sarpsborg 08 som fekk terningkast 6.

Uformeleg drakt eller ikkje, i morgon stiller Sogndal i desse når dei møter Odd Grenland på heimebane. Dei fekk forresten terningskast 3 for drakta si.

Eirik Bakke

UFORMELEG?: Det meiner iallefall Ingeborg Heldal.

Foto: Rune Fossum / NRK