NRK Meny
Normal

Slakke liner skal lokke ungane til bevegelse

– Dette er blitt ein fantastisk slakk line-park. Denne blir til stor glede for mange, seier ein nøgd Kai Vidar Nygård i Førde.

Har laga slakkline park i Førde på dugnad

SJÅ TV-SAKA: Etter mange dugnadstimar er no slakk line-parken i Førde opna. Til stor glede for både små og store. Foto: Alf Vidar Snæland.

Kai Vidar Nygård

INITIATIVTAKAR: Kai Vidar Nygård har stått på for å få på plass slakk line-parken.

Foto: Alf Vidar Snæland

Den tidlegare fotballspelaren er initiativtakar til det nye aktivitetstilbodet i bydelen Viebøen.

Det er lagt ned dugnadstimar for 20.000 kroner, i tillegg til at det er lagt 20.000 kroner i reine pengar på bordet for å få på plass parken, som skal vere til glede for både små og store.

Måndag kunne den endeleg opnast på Viebøen i Førde. I følgje Kai Vidar «Kelly» Nygård er dette den andre slakk line-parken i Sogn og Fjordane.

– Vi har laga denne for at ungane skal utvikle seg motorisk. Vi har tenkt mangfald og at flest mogleg skal få utvikle seg. I tillegg tykkjer eg det er veldig kjekt å gå på line sjølv, ler han.

Laga på dugnad

I Førde finst det mellom anna mange ballbingar og sandvolleybanar. Difor meinte Nygård, som sjølv bur på Viebøen, at slakke liner måtte på plass. Målet er å lokke alle aldrar til dei lange, slakke linene som er spente fast mellom høge stolpar.

– Vi måtte finne på noko nytt som kunne glede ungane her, seier han.

Ungane jublar over parken og prøver seg på balansekunster. Det er ikkje berre-berre å halde seg oppreist på skjelvande liner.

Anlegget er laga på dugnad med den tidlegare fotballspelaren i spissen.

– Vi har eit fantastisk bra samhald og det er ikkje vanskeleg å få folk med på dugnad.

Har fått pengestøtte

Trond Ueland

IMPONERT: Kommunalsjef Trond Ueland rosar det nye tilbodet på Viebøen.

Foto: Alf Vidar Snæland

Men eit slikt anlegg kostar pengar og noko har kome frå spelemidlar. Nygård har eit godt råd til alle andre som vil lage seg ein slakk line-park.

– Gå i dialog med kommunen. Vi har opplevd dei som positive og har god kontakt med både Førde kommune og fylkeskommunen.

Oppmodar andre om å gjere det same

Kommunalsjef Trond Ueland var på plass under opninga av parken i går. Han er imponert over det han fekk sjå.

– Dette er eineståande og viser eit stort engasjement. Parken har ikkje kosta så mykje og nokre av pengane har kome frå spelemidlar. Mange kunne vore flinkare til å søkje om desse pengane.

Ta kontakt med kommunen om du sit inne med gode løysingar for eit godt og aktivt nærmiljø, oppmodar Ueland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.