Hopp til innhold

Slagsmål, bråk og fyll – slik var natt til 17. mai

Politiet fekk nok å gripe tak i natt til nasjonaldagen.

politi illustrasjon
Foto: Kyrre Lien / Scanpix

Florø

Dei mange oppdraga starta i Florø klokka 23.20, då ein 20 år gamal mann vart teken for drikking på offentleg stad.

Vel ein time seinare barka to gutar på 18 og 19 år saman i Storeåsen i same by. Ein av personane fekk pålegg om å halde seg vekke frå sentrum resten av natta.

Dette var like etter at ein 18-åring vart henta av foreldra, då politiet melde frå om at vedkomande var overstadig rusa.

Politiet var ikkje heilt ferdig på Storeåsen i Florø. Klokka halv to vart ein 18 år gamal gut sendt vekk frå staden på grunn av ordensuro.

Tjue minutt seinare vart ein 19 år gamal gut funnen sovande i eit busskur. Då politiet vekte han, klarte han å komme seg vidare på eiga hand.

Ei 18 år gamal jente vart like etter frakta til legevakta, då politiet fann jenta overstadig rusa i Storeåsen.

Politinatta i Florø enda då ei kvinne i 40-åra gjorde skadeverk i eit bustadområde i halv firetida i natt. Då politiet kom fram sparka ho ein av politifolka. Politiet har oppretta sak.

Førde

I eitttida innrømte ein 20 år gamal gut å ha brukt hasj på Festplassen i Førde. Han vart vist vekk frå staden, men vart sett i arresten då han ikkje ville respektere dette.

Seinare på natta måtte politiet gripe inn då to menn slåst på Festplassen. Begge fekk pålegg som dei ikkje ville respektere, og det er oppretta sak, melder politiet.

Like etter vart ein 18 år gamal gut politimeld for å ha hindra politiet i å gjere jobben sin.

Sogndal

Like etter midnatt fekk politiet melding om slagsmål i Sogndal sentrum, men slagsmålet løyste seg opp før politiet fekk kalla ut patrulje.

Måløy

I Måløy måtte politiet gripe inn i ein krangel mellom ein 19-åring og ein 50-åring på ein utestad i Måløy.

I tillegg måtte politiet køyre ein rusa mann i slutten av 20-åra heim frå ein utestad i byen, då han laga bråk.

Rundt klokka halv tre vart ein mann vist vekk frå Måløy sentrum, etter ein krangel mellom to menn i 20- og 40-åra.

Sandane

Også på Sandane vart det meldt om uro. Ein mann i starten av 20-åra vart køyrt heim av politiet etter å ha laga bråk på ein utestad.