Hopp til innhold

Slagsmål og mistanke om narkotikabruk

I natt har det vore amper stemning fleire plassar i fylket.

Politi - (illustrasjon)

NOK Å GJERE: Politiet måtte vere på plass fleire stader i fylket natt til søndag på grunn av bråk og slåsting.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Første melding til politiet kom klokka 00.57. Den gjekk ut på at to personar slåst i Øvre Årdal. Politiet reiste til staden og ordna opp.

Ein time seinare var det fire personar i Flora kommune som fekk seg eit møte med politiet. Alle saman vart brakt inn til Flora politistasjon for sjekk etter mistanke om bruk av narkotika.

Ved halv tretida reiste politiet til eit slagsmål på ein utestad i Førde. Det heile vart ordna opp på staden.

Litt seinare kom meldinga om enda meir slåsting. Denne gongen i Eid kommune. Ein person var blitt slått til av ein annan. Det hadde også vore munnhoggeri. Politiet reiste til staden for å mekle mellom dei to.

Også frå Sogndal kom det melding om krangling og bråk. Dette skal ha skjedd utanfor ein pub i bygda. Ingen patrulje vart sendt til staden.

.