Hopp til innhold

Slagsmål og leiteaksjon

Det har vore ei travel natt for politiet, i tillegg til å leite etter ein mann som var sakna i Florø, måtte dei også rydde opp i fleire tilfelle av slagsmål.

Politiet på Twitter

TRAVEL NATT: Politiet i Sogn og Fjordane måtte rydde opp i fleire slagsmål i natt.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Like før klokka fire i natt vart ein mann meldt sakna i sentrum i Florø, og det vart sett i verk ein leiteaksjon. Ein time seinare vart mannen funne att i sentrum, og teken hand om av helse, opplyser politiet.

Klokka 03.30 i natt blei ein mann i 20 åra sett i arresten i Florø, etter å ha gått til åtak på eit ektepar. Mannen nekta også å rette seg etter pålegg frå politiet.

Tidlegare på natta måtte politiet Florø skilje to menn som slost i sentrum. Politiet måtte og ta hand om ein rusa mann i 50-åra som trong legehjelp.

Like etter midnatt avslutta politiet ein fest i Florø der det var fleire rusa personar under 18 år som deltok.

Promille og slagsmål

Klokka 0100 i natt arresterte politiet i Førde to personar etter eit slagsmål på ein serveringsstad. Dei to vart sett i arresten.

Klokka 02.40 vart ein mann i 30-åra stogga i Førde mistenkt for promillekøyring.

Om lag samstundes måtte politiet i Vik ordne opp i eit slagsmål på ein utestad i Vik. Den eine var skadd, og vart frakta til lege.

I Stryn krangla tre menn på ein utestad, men det løyste seg før politiet kom på staden.

I Sogndal er ein mann i 20-åra meld for drikking på offentleg stad. I tillegg blir det oppretta sak mot ein annan mann i 20-åra som nekta å oppgi personalia til politiet.

Elles har politiet i Askvoll teke hand om ein laushund i Flokeneset, og i Måløy er det meldt om at det er teke skilt frå ein bil.