Litt før på kvelden måtte politiet første vise vekk ein overstadig rusa person frå ein utestad i Høyanger, før ein annan person fekk ein tilsvarande beskjed på ein utestad i Førde, etter å ha vore bråkete.
Litt seinare på natta rykte politiet ut til ein bustad i Aurland etter melding om at ein uvedkomande og synleg rusa person prøvde å ta seg inn i bustaden. Vedkomande var vekk då politiet kom til staden.
I ein promillekontroll på Kvivsvegen i Hornindal, synte det seg at alle bilførarane hadde sitt på det tørre, og ingen av dei kontrollerte fekk utslag på rus.
Ved firetida i natt fekk politiet melding om at ein hjort var påkøyrd ved Saltkjelen på E16 i Lærdal. Her er viltnemnda kopla inn.