Hopp til innhold

Slagsmål i Førde

Fleire personar var involverte i eit slagsmål ved ein utestad i Førde i halv totida natt til søndag. Politiet opplyser at ein har fått ei liten flenge i bakhovudet. Han var vaken og medviten då han vart køyrd til legevakta. I tillegg fekk ei kvinne slått laus deler av ei tann. Hendingsgangen er uklar, og politiet opplyser at ingen er arresterte.