Hopp til innhold

For vel 20 år sidan fekk han slag – no har han sigla frå Oslo til Sandane

61-åringen Eyolf Johnsen frå Sandane kom i helga heim frå ein heil, liten ekspedisjon langs norskekysten.

Eyolf Johansen

PÅ SEGLETUR: Eyolf Johnsen har dei siste vekene sigla frå Oslo til Sandane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei siste tre vekene har den slagramma mannen sigla frå Oslo til heimbygda i Gloppen.

Ei fin lita seglskute ligg i hamna på Sandane. Eyolf Johnsen har kome heim frå ein segltur heilt frå Oslofjorden og opp langs heile kysten til Sogn og Fjordane.

– Eg hadde 14 døgn med segling med nokre stopp på ein og to dagar, fortel Johnsen.

Fekk slag

Han er 61 år gamal, men då han var 49 år fekk han slag og måtte slutte å jobbe.

På den lange turen opp langs kysten vart han litt sliten, men hadde god hjelp av ein mann som var med frå Kristiansand til Bergen i fire dagar. I tillegg var sambuar og ei venninne med det siste stykket.

Då Johnsen starta på turen segla han åleine første del. Heile turen er på mellom 500–550 nautiske mil. Han trur han har vore på sjøen mellom 10–13 timar kvar dag.

– Det er sikkert ikkje heilt forsvarleg. Eg trur sambuaren min vart litt uroleg, men eg følte at eg hadde kontroll. Det gjekk i alle fall bra, ler Johnsen.

Eit risikoprosjekt

Sjømannen tok sine førehandsreglar og låg til kai dei dagane det var mykje vind, og han kjende seg sliten.– Men stort sett har eg hatt veldig bra vêr.

Båten han segla med kjøpte han i Oslo. Turen tilbake til Sandane var ei lita utfordring.

– Eg visste kanskje ikkje heilt kva eg gjorde. Tidlegare har eg henta ein båt i Stavanger, men då hadde eg med meg ein mann heile turen. Så dette var eit litt meir risikoprosjekt sånn reint helsemessig, fortel han.

Fleire burde feriere i eige land


Johnsen meiner fleire burde prøve det han har gjort no. Ferien i eige land var ifølgje han heilt fantastisk.

– Du får oppleve ting du aldri får sett frå bilen. Men eg veit om ein del folk på Sandane som har gjort dette ein del gongar. Dei har vore i Oslo og henta båtar og reist heim, fortel han.

Dei siste vekene har han sett og opplevd store delar av kysten og møtt mange interessante folk. Trafikken langs kysten var det heller ingenting å seie på.

– På slike turar treffer du utruleg mykje kjekke menneske. Blant anna trefte eg ein som skulle ro til Nordkapp. Og så trefte eg to som skulle heilt opp til Lofoten med seglebåt.

– Eg trefte veldig mange som var ute å sigla åleine. Elles var det mykje tyskarar og hollendarar langs kysten, fleire med sjølvlaga båtar, kan Johnsen fortelje.

No har han fått båten trygt i hamn på Sandane, men tippar at etter nokre dagar så må han utpå att.