NRK Meny
Normal

Valkampstart for lokalpolitikarane direkte i NRK Sogn og Fjordane

Årets fyrste direktesende valdebatt i NRK Sogn og Fjordane blir på Hjørnevikbua i Florø. Der skal slaget om kommunane stå.

Hjørnevikbua

KOMMUNESAMANSLÅING: Hjørnevikbua i Florø blir arena for den store debatten om kommunesamanslåing. Du kan følgje debatten i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Montasje / NRK

Vallogo

– Førde-ordførar Olve Grotle spurte om han kom til å trenge skotsikker vest, når han gjestar rivalen i vest. For nokre er han kanskje den store stygge ulven i kommunesamanheng. Han skal få bryne seg på nokre av Florøs fremste talemitraljøser, seier debattleiar Erlend Blaalid Oldeide.

Erlend Blaalid Oldeide

LEIAR DEBATTEN: Erlend Blaalid Oldeide er røynd debattleiar og håpar debattantane leverer i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For tema for onsdagens direktesende debatt er kommunesamanslåing. Regjeringa har bede heile landets kommunar om å ta den gode nabopraten. Målet er at fylkets 26 kommunar skal bli betydeleg færre.

Har valt stad med omhu

Dei nye, og større kommunane skal få fleire oppgåver, meir makt og gje betre tenester til innbyggjarane, ifølgje regjeringa.

Men motstandarane har lita tru på dette. Dei meiner at denne kommunereforma berre er ein gigantisk sparepakke for staten, som skal kvitte seg med brysame småkommunar, med storstila sentralisering som resultat. I Florø barkar debattantane saman.

– Vi har valt å leggje denne debatten til ein stad kjent for sitt store engasjement og kjeftament. Vi inviterer alle interesserte til å ta turen til flåten ved Hjørnevikbua, seier Oldeide.

Dei som skal i elden

Deltakarane i denne debatten blir kommune- og fylkespolitikarar som skal forme lokalsamfunna våre framover.

  • Olve Grotle, ordførar på attval for Høgre i Førde
  • Jenny Følling, fylkesvaraordførar og fylkestopp for Senterpartiet.
  • Frank Willy Djuvik, fylkestopp og ordførarkandidat for Framstegspartiet i Flora.
  • Jacob Nødseth, stiftar og ordførarkandidat for den nye Samlingslista i Flora.
  • Gunhild Berge Stang, fylkestopp og fylkesleiar for Venstre.
  • Ola Teigen, ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Flora.

Debattleiar blir Erlend Blaalid Oldeide er spent på om debattantane klarer å svare for seg.

– Eg vil at politikarane skal fortelje veljarane om dei meiner kommunar skal tvingast saman. Om kva alternativ som er mest realistiske. Og kva kan vi eigentleg forvente skal endre seg i lokalsamfunna våre som følgje av kommunereforma, seier han.

Høyr debatten direktesendt i NRK Sogn og Fjordane frå klokka 15 til 16.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser