Sladda viktig informasjon om ubåt

Forsvarsminister Grete Faremo får hard kritikk for å ha sladda viktig informasjon i snart 40 år gamle dokument ho nyleg frigav om ubåtjakta i Sognefjorden.

Faremo lovde i Stortinget tidlegare i år å offentleggjere mest mogleg av dei hemmelege ubåtdokumenta i forsvardepartementet. Når dokumenta no er frigjevne, er mykje informasjon sladda.

- Eg ser ingen grunn til at ein skal sladde store delar av dette materiale. Det har ingen militær relevans i dag. Det har berre historisk og demokratisk interesse for oss å få vite kva som skjedde i 72 og korleis regjeringa handterte regjeringa og forsvaret vårt handsama saka, seier Rune Timberlid, som dekka ubåtaksjonen som journalist.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ: Vitne som såg ubåten krev svar om kva som verkeleg skjedde i Sognefjorden i 1972.

- Pinleg for forsvaret

I dokumenta går det fram at den framande ubåten kan ha hatt hjelparar på land i Leikanger. Midt under den intense ubåtjakta vart det nemlig observert fleire raude naudrakettar som vart skotne opp ved Hermansverk.

Tidlegare har det vore hevda at rakettane vart skotne opp frå sjøen, men i dei nye dokumenta går det fram at rakettane like gjerne kan vere skotne av hjelparar frå land.

Timberlid, som tidlegare har jobba både som redaktør og journalist og som heile tida har vist stor interesse for ubåtaksjonen i Sognefjorden, er skuffa over at mange av dei frigjevne dokumenta har sider der infomasjonen er sladda bort.

- I det som har kome fram her, så er det ein del pinleg også for forsvaret. Eg trur kanskje at svaret ligg der at dei på ein eller annan måte vil redde sitt eige skinn sjølv så lang tid etterpå, meiner Timberlid.

- Nøye vurdering

Pressevakt i Forsvarsdepartementet, Ann Kristin Salbuvik, avviser at forsvaret har sladda fleire av dokumenta for å skjule eigne tabbar. Ho seier dokument har blitt haldne attende berre i tilfelle der det norske forsvaret og andre land sine prosedyrar for skyting på framande ubåtar blir omtala.

Dette er informasjon som framleis er aktuell, seier ho.

- Eg veit det har teke litt tid å få avgradert dokumenta som skulle frigjevast i denne saka, og det er fordi ein har vore veldig nøye i dei vurderingane som er gjort i høve til å frigje så mykje som mogleg samstundes som ein skal oppretthalde krav og omsyn som ein må ta, seier ho.

Intern strid

Rune Timberlid

Rune Timberlid.

Foto: Bård Siem, NRK

Det pinlege Timberlid siktar til er den sterke konflikten internt i forsvaret om det eigentleg var ein framand ubåt i Sognefjorden i 1972. Medan forsvarsministeren og forsvarssjefen tidleg gjekk ut og stadfesta at det var ein framand ubåt i fjorden, meinte mange andre i forsvaret at det ikkje fanst bevis for dette.

Byråsjef Viggo Aagaard i Forsvarsdepartementet gjekk, i no nedgradrete dokument, ut med beinhard kritikk mot sin eigen sjef, forsvarsministeren, og skulda han for fullstendig desinformasjon i ubåtsaka.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video nsps_upload_2010_1_5_19_51_23_2803.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ: Augevitne såg periskopet på ubåten i Sognefjorden.

- Latterleggjer eigen statsråd

Timberlid meiner den interne konflikten i forsvaret er ein av grunnane til at det har teke så lang tid å få ut fleire av dokumenta.

- Fordi NRK no har fått dokument som viser at det i etterkant av ubåtepisoden var sterke indre stridigheiter i departementet om korvidt det verkeleg var ein ubåt i Sogndefjorden eller ei. Her er faktisk ein embetsmann på høgt nivå som nesten latterleggjer sin eigen statsråd som hadde sagt det vre ein ubåt. Det er ein relativt pinleg strid å få sett søkelyset på, meiner han.