Hopp til innhold

Dobbeltmoralisme om villrein, hevdar naturvernar

Det er dobbeltmoralisme når villrein-nemnda vil skyte rovdyr men samstundes tillét jegerar å skyte meir rein, meiner naturvernar.

Villrein

FORKASTELEG ARGUMENT: Naturfotograf meiner det ikkje går an å argumentere for å skyte rovyd og samstundes auke kvoten på kor mange villrein som kan skytast.

Foto: Svein Hjelmeset


– Dobbeltmoral og litt forkasteleg. Det vitnar om ei villrein-nemnd som kanskje ikkje har all den naturkunnskap den burde, seier ein opprørt naturvernar og naturfotograf Stein Valkoinen.

Villreinnemnda sa nyleg til NRK at dei er svært urolege for villreinstammane. Bakgrunnen er at ulven i Sunnfjord og jerven i indre Sogn har drepe historisk mange lam og sauer i 2014.

Nemnda er redde for at villreinen også er truga, spesielt no når sauene er nede frå beitet.
I ei uromelding til fylkesmannen ber dei om snarlege tiltak for å ta ut rovdyra.

– Eg tenkjer at utspelet er eit forsvar av eigen hobby og forsvar av eiga næring.

Forstår ikkje argumentasjonen

Valkoinen meiner utspelet er eit paradoks.

– I 2013 kunne ein skyte 65 villrein i Lærdal og Årdal, i 2014 kunne ein skyte 68 villrein. Samstundes som nemnda seier at ein skal ta ut rovdyra fordi dei er ein fare for villreinen, så aukar dei kvoten på å skyte villrein med tre dyr.

Lars Egil Viken i Villreinnemnda forstår ikkje kritikken.

– Det at vi får lov å gå på jakt og den rekreasjonen der er litt av den betalinga for all den tida ein har lagt ned for å få det til.

Viken meiner dei er i sin fulle rett til å be om uttak av rovdyr.

– Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere rovdyr her så då må ein kanskje ha mogelegheit til å ta dei ut.

Grundig forvaltning av villreinen

Han seier jakta på villreinen er nøye planlagd.

– Det er tatt omsyn til beitegrunnlag og kor mykje villreinbeita toler, og vi har grundige forvaltning og legg opp bestandsplanar for å ta ut dei rette dyra.

– Dersom det er for mykje reinsdyr så må vi ta ut dyr for å tilpasse oss det beitegrunnlaget som er til ei kvar tid, slik at har att friske og fine dyr.