Hopp til innhold

Skyt lakselus med laser

Det høyrest mest ut som science fiction, men Sulefisk i Solund har tatt i bruk laserstrålar for å overvinne lakselus.

Brukar laserlys mot lakselus

LYSSTRÅLE: Ei maskin som er senka ned i merden skannar laksen etter lus. Gjer den funn, blir ein laserstråle skoten mot lusa.

Foto: Stingray Marine Solutions

– Det er eit skikkeleg lysshow. Det liknar eigentleg mykje på «Star Wars», seier dagleg leiar Michael Niesar i Sulefisk.

Lakselusa, som også er ei plage i hans oppdrettsanlegg i Solund, blir stadig meir motstandsdyktig mot legemidla ein nyttar for å ta livet av parasitten.

– Effektivt våpen

Scenene som utspelar like under vasskorpa yst i Sogn, kan likne Hollywood-regissør George Lucas sin bruk av fiktive laservåpen i «Star Wars»-filmane frå fjerne galaksar. Men dette er ekte saker. For første gong blir laser testa ut i stor skala i kampen mot lakselusa.

– Laseren er ein veldig bra metode. Den fungerer heile tida og skyt lys heile tida. Viss denne metoden er effektiv, er den eit veldig godt våpen i kampen mot lusa, meiner Niesar.

I fiskemerdene hos Sulefisk scanner ei maskin fiskane som sym rundt. Viss den oppdagar lakselus, blir ein grøn laserstråle skoten ut og treff parasitten. Laksen skal ikkje merke noko som helst. Metoden kan vise seg å bli eit godt alternativ til dei meir tradisjonelle midla oppdrettsnæringa nyttar i dag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Alternativ til legemiddel

Bruken av legemiddel i oppdrettsnæringa har dei siste åra auka kraftig, noko som igjen har gjort parasitten blir meir motstandsdyktig. I verste fall kan det bety at medisinen til slutt ikkje vil verke på lakselusa. Samstundes slit næringa som årleg med epidemiar av lakselus.

Selskapet Stingray Marine Solutions i Oslo, som står på luselaseren, trur deira metode i framtida kan erstatte legemidla.

Sulefisk i Solund

FØRST UTE: Sulefisk sitt anlegg i Solund er det første som testar ut luselasaren i full skala.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fordelen med høgteknologisk utstyr er at det blir stadig betre. Eg trur vi alt i år vil sjå at vi er i stand til å vere eit godt alternativ til tradisjonell avlusing med medikamentelle metodar, seier dagleg leder John Arne Breivik.

Trass gode resultat med laseren, trur Michael Niesar i Sulefisk ikkje legemidla vil bli overflødige i kampen mot lakselusa med det første.

– Målet må vere at vi bruker mindre medisinar enn i dag. Då hjelper dei alternative metodane, poengterer oppdrettaren.