Hopp til innhold

Skyhøge løner på lokalsjukehusa

Vanskar med å skaffe legar fører til at mange legar ved lokalsjukehusa har skyhøge løner.

Nordfjord Sjukehus
Foto: NRK

Fire overlegar ved Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus ligg øvst på lønsstatistikken i Helse Førde.

Lønene til dei fire ligg mellom 1,4 og 1,8 millionar kroner samla utbetalt for kvar av legane. Det er 50.000 kroner meir enn den best betalte legen ved Førde sentralsjukehus.

- Det er fordi vi slit meir med å skaffe legar på Nordfjordeid og i Lærdal. Difor må vi inngå spesielle avtalar, som blant anna inneheld høgare løn, seier personaldirektør i Helse Førde, Jan Birger Moe.

Han peikar på at stor arbeidsmengde også bidreg til dei høge årslønene.

- Vi må betale det som er naudsynt for å få legar hit. Men vi har prøvd å halde lønene på eit rimeleg nivå, seier Moe.