Hopp til innhold

Skyhøge løner gjev tannlegedekning

Ein storstila rekrutteringskampanje har ført til fylket no har den beste tannlegedekninga på 15.år.

Video God tannlegedekning i Sogn og Fjordane

VIDEO: No har Sogn og Fjordane den beste tannlegedekninga på 15 år. Høge lønningar, fridagar og gunstige arbeidsforhold måtte til for å lokke tannlegar til fylket.

- Eg er godt nøgd med å jobbe i Førde, seier nytilsett tannlege Eirik Mørk Aaen.

Ni starta i august

Han er ein av ni tannlegar som byrja i jobben i august i år. Mørk Aaen frå Kirkenes let seg freiste av høg begynnarløn, etterutdanningstilbod og gode vilkår for barnefamiliar.

Han har funne seg til rette på kontoret i Førde, og trur han vil bli verande i Sogn og Fjordane.

- Det er tidleg å seie no sjølvsagt, men så langt ser det veldig bra ut.

Var elendig i fjor

På same tid i fjor karakteriserte fylkestannlegen situasjonen som elendig. Han stod med over ti ledige stillingar. Han mangla også tannpleiarar i staben sin.
Så skjedde det noko.
For i følgje tal frå Fylkeskommunen har det ikkje vore så god tannlegedekning som no dei siste femten åra.

- Vi har arbeidd med rekrutteringa, vore på skular, og forklart kva vi kan tilby. Vi har også møtt studentane i det siste studieåret deira slik at vi skulle få marknadsført oss for dei, seier fylkestannlege Bent Rønneleiv.

500 000 til fersk tannlege

Difor har fylkeskommunen godkjendt ei nybegynnarløn på 500 000 kroner til kvar tannlege som kjem, og goder som ein fridag i veka om tannlegen har born under seks år.

- Det er klart at dette kostar, men det er vedteke at vi skal prioritere dette.

Tannlege Mørk Aaen vedgår at fylkeskommunen sitt tilbod var det beste han fann, og at det var avgjerande for at han flytta til fylket.

- Vi har alt utstyr vi treng, nye lokaler, fagfolk som vi kan samarbeide med og gode arbeidsvilkår.

Beste dekninga på 15 år

Rønnekleiv er svært glad for at fylket endeleg har fått orden på tannlegesituasjonen. For manglande tannlegar har gått ut over tilbodet til pasientane. No trur Rønnekleiv at dei skal kunne ta inn fleire pasientar.

- Dette er den beste tannlegedekninga i Sogn og Fjordane på 15 år. Rekrutteringa har vist seg å fungere, seier han.

På landsplan står 108 tannlegestillingar tomme. Og det er lyst ut 27 stillingar som tannpleiar gjennom NAV. I Sogn og Fjordane er det berre Selje og Øvre Årdal som ikkje har ein fast tannlege.

Vanskeleg på små plassar

Og Rønnekleiv vedgår at det er vanskeleg å få folk til små bygder.

- Dei fleste ønskjer seg til større byar, og det er vanskelegare å skaffe tannlegar til små plassar. Men no når vi har orden på sitauasjonen i fylket, kan vi setje inn ekstra ressursar der det er vanskeleg få nok tannlegar, seier fylkestannlegen.

Skal få unna køen

Pasient Stian Hakestad glad for at det er blitt lettare å få time.

- Eg er student og det er fint at det vert lettare å få time no, seier han.

Og den nytilsette tannlegen trur han skal klare å få unna køen med pasientar som til no har måtte vente lenge på time.

- Det er det som er målet. Og det trur eg vi skal klare.